Verdidebatt

Kjempar vi for fosteret eller eige samvit?

ABORTLOVEN: Mange som argumenterer med eit kristent syn vil gjerne vise fram ei omsorg for fosteret. Dessverre er det ofte ei omsorg som ikkje fører med seg handling.

I etterkant av SVs forslag til ny abortlov, har fleire etterlyst ein nøytral abortdebatt og at ein baserer politiske forslag meir på fakta.

Det er då rart at desse ytringane, der ein er mot ei oppmjuking av lovverket, i liten grad nyttar fakta sjølv. Dette gjer noko med innhaldet og stemninga i debatten.

Ein unnlet å nemne at det alt er tilgang til abort til veke 22. All indignasjon over SVs forslag endrar ikkje det faktum at dette ikkje er noko nytt. Å fjerne nemndene er det nye - altså å sikre kvinner sjølvbestemt abort til veke 22.

Ingen ynskjer seinabort

Så fryktar ein at kvinnene då vil ta fleire abortar. Men det som også ofte blir unnlate, er tala: 83 prosent av alle abortar blir tekne før veke 9. Faktisk har kvinner tatt abort tidligare og tidlegare. Berre 4,6 prosent av abortar blir gjennomført etter veke 12, og kun 1,4 prosent etter veke 18.

Eit samfunn får så mange abortar som samfunnet fortener

—  Therese Utgård Aas

Av abortar etter veke 18, skuldast 80-90 prosent alvorleg sjukdom hos fosteret. Resten skuldast ofte alvorleg sjukdom eller ein prekær situasjon hos mor.

Dette kan vere incest eller rusmisbruk som gjer at kvinna oppdagar graviditeten seint. Ofte er det svært tragiske situasjonar og ei sorg bak avgjerda om seinabort.

Det som også blir underslått i debatten, er at ingenting tyder på at ein får fleire seinabortar om vi får sjølvbestemt abort til veke 22. Tal frå andre land som har opna opp, viser at kvinner framleis tek abort så tidleg som råd. Ingen ynskjer seg ein seinabort. Å fjerne nemndene, gir ikkje fleire seinabortar.

Kun for eige samvit?

Fleire med meg, har peika på at meir restriktive abortlover faktisk kan føre til fleire, ikkje færre, abortar. Likevel vil mange kristne ha strengare abortlover. Forsking og erfaring får dessverre liten innverknad på debatten.

Mange som argumenterer med eit kristent syn vil gjerne vise fram ei omsorg for fosteret. Dessverre er det ofte ei omsorg som ikkje fører med seg handling, og som difor ikkje reduserer antall abortar.

Eg spør meg: var det då fostera ein kjempa for i utgangspunktet, eller var det eige samvit?

Eg meiner ein grip fatt i abortdebatten i feil ende. Når ei kvinne søker om abort, er dette berre siste leddet i prosessen som til slutt utløyser ein abort. Eit samfunn får så mange abortar som samfunnet fortener, kan ein spissformulert seie.

Kvifor krev ein ikkje meir av menn, og kvifor står ikkje kristne på barrikadane for auka støtte til funksjonshemma?

—  Therese Utgård Aas

Ein dobbelmoral eg aldri har skjønt

Låge økonomiske ytingar til gravide studentar, lite tilrettelegging for funksjonshemma, lite støtte til sårbare mødrer, er tilhøve som påverkar avgjerda om abort. Forsking viser at manglande støtte frå partner òg er ein årsak til abort.

Så kvifor dreier ikkje debatten seg meir om dette? Kvifor krev ein ikkje meir av menn, og kvifor står ikkje kristne på barrikadane for auka støtte til funksjonshemma? Særleg når sittande regjering har kutta i fleire ytinger til funksjonshemma og kronisk sjuke?

Eg hadde håpa at kristne med engasjement for å redde foster, hadde kjempa meir for effektive tiltak! I staden er ein oppteken av å stramme inn abortlova, sjølv om det ikkje redder eitt einaste foster. Dette er ein dobbelmoral eg aldri har skjønt meg på.

Asymmetrisk maktforhold

Men det er ikkje tilfeldig at det er kvinna ein angrip i abortdebatten. Eller at ein ikkje stolar på at kvinna tek fornuftige val. Slik har det alltid vore.

For det er paradoksalt at medan eg som kvinne og mor ikkje blir tiltrudd avgjerda om abort for meg sjølv, kan eg som lege ha kompetanse til å avgjere om andre kvinner skal få abort. Kompetansen bygger kun på at ein har medisinsk utdanning.

Nesten alle som søkjer nemnda, får innvilga abort. Denne kontrollinstansen blir då ei unødvendig ekstrapåkjenning for kvinna.

Abortsøkande treng informasjon. Men den bør gis uavhengig av ei avgjerd, utan det asymmetriske maktforholdet i ei nemnd. Frykt gir sjeldan gode tilhøve for å ta til seg informasjon. Derimot bør samfunnet styrke nøytrale rådgjevingstenester til gravide.

Det vil ikkje bli fleire abortar med SVs forslag

—  Therese Utgård Aas

Kan ikkje late att auga

Vi treng å arbeide for ein ytterlegare nedgong i aborttala. Samfunnet må ta ansvar slik at alle som ynskjer, tør å bere fram fosteret. Det vi ikkje treng, er ei umyndiggjering av kvinna, slik det er i dag.

Vi klarer ikkje alltid å setje oss inn i andre sine liv. Sjølv ville eg eigentleg bli gynekolog. Men fordi gynekologar som reserverer seg mot abort (slik eg hadde gjort) kan få vanskar med å få arbeide, valde eg ei anna spesialisering.

Eg er samd med dei som seier at det høyrer fælt ut med abort opp mot veke 22. Men livet er somme gongar fælt. Vi kan ikkje late att auga for det.

Vi kan stole på kvinnene

Vi kan aldri forstå fullt ut korleis det er å vere gravid i ein annan sin kropp, i ein annan sitt liv. Difor må den som veit best korleis stoda er, ta avgjerda, altså kvinna. Vi treng eit samfunn med tilgang til trygge abortar. Alt anna blir utopisk. Det vil berre føre til like mange, men illegale abortar. Dette veit ein.

Det vil ikkje bli fleire abortar med SVs forslag. Yttergrensa blir uendra. Avgjerdene også. Det einaste som blir endra, er at kvinna, ikkje legane, tek avgjerda. Er dét den endringa ein kjemper så hardt imot? Kvifor?

Vi kan stole på kvinnene. Det er berre å sjå på fakta.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt