Verdidebatt

Birollene i påskedramaet

FOLKLORE: Det har grodd fram eit villniss av legender om karakterane frå evangelia, både i og utanfor kyrkjelæra. Maria Magdalena, Pontius Pilatus og Judas Iskariot er tre av dei som folkefantasien har gitt stort rom.

Bibelen, med sine forteljingar, kom til å dominere tru og tanke gjennom hundreåra.

Hovudpersonane, både i GT og NT, fekk den største plassen. Men rundt dei var det mange bipersonar som var nødvendige om historia skulle gå sin gang. Det var personar det vart fortalt lite om. Dei fekk korte og dramatiske rollar, og så var dei borte.

Ettertida ville ikkje akseptere dette. Ettertida ville vite meir om desse gjesterolle-spelarane i historia. Folkefantasien tok hand om dei og gav dei både ei fortid før påskedramaet, og ei hendingsrik tid etter dei dramatiske påskehendingane.

Maria Magdalena, Pontius Pilatus og Judas Iskariot er tre slike bipersonar som ettertida og folkefantasien har gitt stort rom, i kyrkjelære og kyrkjehistorie, i dikting og biletkunst, i all ettertid.

I vår moderne tid myldrar dei på nettet og i Wikipedia. Folkefantasien utvikla dei og bar dei fram. No har nettet overtatt ansvaret for deira vidare liv.

Andreas Skartveit

I vår moderne tid myldrar dei på nettet og i Wikipedia. Folkefantasien utvikla dei og bar dei fram.

—  Andreas Skartveit

Maria Magdalena

Eit offer for den interessa alle tider har hatt for andre menneskes seksualliv

Maria var tydelegvis eit vanleg namn i Palestina på Jesu tid. I evangelia er det fleire av dei: Jesu mor sjølvsagt, Maria, søster til Marta i Betania, ei Maria som var mor til ein Jakob, og Maria Magdalena. Ettertida har hatt problem med å halde orden på alle desse mariaene.

Maria Magdalena er sentral i evangelia. Ho følgde Jesus og er meir omtala i evangelia enn dei fleste apostlane. Ho var først ved grava påskedagsmorgonen og var av dei første Jesus viste seg for etter oppstoda.

Det er funne restar av eit evangelium som

var tileigna henne. Der blir det referert ei hending mellom apostlane etter at Jesus er borte.

Peter er sint og sjalu. Han har fått mistanke om at Maria sto nærare Jesus enn han sjølv gjorde, og han kjeftar på henne. Ho gret, og Andreas må gå imellom og roe ned bror sin.

Men kven var ho?

Penitent Magdalene (1893) by Adolfo Tommasi (Angrende Magdalena)

Stempla som lausaktig

Hos Lukas er ho ei kvinne som Jesus har drive sju vonde ånder ut av. I vestleg tradisjon blir ho etter kvart identifisert som den syndefulle kvinna Lukas fortel om.

Ho oppsøkjer Jesus og salvar føtene hans. Pave Gregor I, rundt år 600 e.Kr. var den første som slo dette fast og prakka på Maria eit vidløftig seksualliv.

Syndefull kvinne. Det har med sex å gjere, prostituert eller der omkring. Framståande kyrkjefedrar protesterte og forsvarte henne og ryktet hennar. Det hjelpte ikkje, og stempelet som lausaktig kvinne vart ståande på henne heilt til 1969, ved ei lærereform.

Dermed vart ho eit forsvarslaust offer for den interessa alle tider har hatt for andre menneskes seksualliv. Disippelflokken, og kvinnene der, var unge menneske i sin beste alder, som saman opplevde kjenslefylte og dramatiske hendingar.

Det var berre rimeleg for ei ettertid å tenkje seg at også erotikken og seksualiteten måtte melde seg i laget.

Jesu ektefelle

Den islandske homilieboka, ei preikesamling frå 1200-talet, omtalar henne som Jesu ektefelle. Andre kjelde fortel at ho hadde barn med Jesus.

Hennar forhold til Jesus er omtala i fleire romanar, nyleg i Dan Browns Da Vinci-koden. Han byggjer på ei gammal legende som fortel at ho reiste til Provence saman med Lasarus og kristna regionen. Der vart ho grunnleggjaren av merovingarslekta, den franske kongeætta.

Og ho hadde barn med Jesus.

Etter fullført kristningsverk slo ho seg ned i ei grotte, der ho budde resten av livet. Der vart det reist ei valfartskyrkje som vart riven under den franske revolusjonen.

Arnulf Øverlands Maria

Maria Magdalena og hennar påprakka tvilsame omdømme har pirra også norske forfattarar. I novellesamlinga Gud plantet en hage, fortel Arnulf Øverland kva som hende då djevelen slutta med å gjere vonde gjerningar.

Djevelen og oldemor hans ruslar rundt på jorda. Dei kjem til ein stad der dei høyrer presten preike i preikestolen. Og det er skammelege ting presten har å fortelje om djevelen. Han har freista menneske til grov synd.

Ho, kvinna frå grava påskedagsmorgonen, vart, bokstaveleg tala, eit rikt litterært råstoff.

—  Andreas Skartveit

Djevelen blir forferda av det han høyrer. Og han forbannar seg inderleg på at alt skal bli annleis. Han dreg heim til helvete og sløkkjer på skorsteinen og opnar dørene så alle kan fly opp mot himmelen, der dei er avviste før. Peter i himmelporten er streng som alltid, medan jomfru Maria bed for dei, og alle slepp inn, til dess Maria Magdalena kjem.

Då seier jomfru Maria nei. «…hun skulle ikke ha inn en slik en som fløi ute om natten og gjorde gjerninger med apostlene og tenkte på å bli svigerdatter i huset», fortel Arnulf Øverland. Slik går han inn i ein levande europeisk tradisjon som har kasta ei av dei sentrale kvinnene i evangelia til den lumre fantasien både samtid og ettertid er godt utstyrt med.

Ho, kvinna frå grava påskedagsmorgonen, vart, bokstaveleg tala, eit rikt litterært råstoff.

Pontius Pilatus

I evangelia er han ein feig kujon. Ettertida har bygt feigingen inn i språket.

Pontius Pilatus har ei sentral rolle i hendingane i Jerusalem den første påsken. Som den øvste politiske leiaren for den romerske okkupanten var det han som sa den endelege dommen som førte Jesus til Golgata.

Pilatus i evangelia er ein feig kujon med eit elendig ettermæle. Han fann inga skuld hos Jesus, og ville difor frikjenne han. Det våga han ikkje, fordi presset frå prestane og folkehopen var for sterkt. Kona hans åtvara han mot å dømme Jesus.

Så dømde han til døden ein mann han meinte var uskuldig.

«Hva er sannhet?» av Nikolai Ge (1831-1894)

Inn i språket

Ettertida har bygt denne feigingen frå evangelia inn i språket, i levande uttrykk.

Å vaske hendene offentleg for å prøve å lure frå seg ansvar, slik Pilatus gjer hos Matteus, er ærelaus ferd. Å bøye unna for å vere ven med keisaren, slik han gjer hos Johannes, er også skammeleg. Å bli send frå Pontius til Pilatus er fruktlaus vandring.

I vestlege kyrkjer var han den brutale og feige bøddelen frå Golgata. Austlege kyrkjer hadde medkjensle og forståing for han.

—  Andreas Skartveit

Om pilatusbiletet i evangelia er ille, er ikkje biletet av embetsmannen Pilatus i den romerske historia noko betre. Noko av det første han gjorde som ny i embetet som guvernør i Judea, var å såre den religiøse kjensla til jødane ved ikkje å respektere heilagdomane deira.. Det førte til uro og blodspille.

Han vart avsett for vanstyre og brutalitet, velgrunna seier leksikonet, og send tilbake til Roma.

Så er Pontius Pilatus ute av soga. Men ikkje av folketrua. Der vandra han inn.

Pilatus i folkefantasien

Personane i evangelia kom til å få eit frodig liv i folkefantasien. Dei korte forteljingane vart supplerte og utvida. Så også forteljinga om Pilatus.

Hans gjerningar var så vonde at liket hans ikkje fekk fred i grava. Den døde kroppen hans skapte så mykje uro at han vart flytta fleire gonger, før han fall til ro ved Luzern, ved det fjellet som i dag heiter Pilatus. Ein annan tradisjon let han få falle til ro i innsjøen Lago di Pilato.

Det vart dikta friskt rundt evangelia, også rundt Pilatus. Mors Pilati, døden til Pilatus, fortel ei kompleks historie der keisaren i Roma er sjuk. Han sender folk til Judea for å få hjelp frå Jesus, som då er død. Det er ukjent for keisaren. Pilatus teier om det, og bed keisaren vente litt. Løgna hans blir oppdaga, og han blir avretta på bestialsk vis.

Feiging eller helgen?

I latinsk tradisjon, i vestlege kyrkjer, var Pilatus den brutale feigingen frå den første påsken. I austleg tradisjon fekk Pilatus og kona hans, som fekk namnet Procula, ein annan lagnad.

Den koptisk-ortodokse kyrkja i Egypt gjorde Pontius Pilatus til helgen. I deira tradisjon omvende Pilatus seg i løyndom ei tid etter Jesu krossfesting. Det var kona, Procula, som påverka han.

Den etiopisk-ortodokse kyrkja gjorde Pilatus til helgen på 500-talet. Det same gjorde dei med Procula, fordi ho hadde prøvt å stanse krossfestinga ved å fortelje om den underlege draumen sin.

Slik vart Pilatus, feigingen frå evangelia i vestlege kyrkjer, atterreist som helgen i andre kyrkjer

—  Andreas Skartveit

I den austleg-ortodokse kyrkja blir Procula feira som helgen, fordi ho bad Pilatus om å berge Jesus. Pilatus sjølv er ikkje helgen der. I andre tradisjonar gjer Pilatus sjølvmord i anger og sorg over det han har gjort.

Pontius Pilatus, landshovding i den fjerne romerske provinsen Judea fekk eit ærelaust ettermæle i romersk historie, avsett og avretta.

I vestlege kyrkjer var han den brutale og feige bøddelen frå Golgata. Austlege kyrkjer, europeiske, koptiske, egyptiske og etiopiske, hadde medkjensle og forståing for ein mann som dei meinte var under styring av høgare makter som styrte Jesu veg til Golgata. Slik vart då Pilatus, feigingen frå evangelia i vår kyrkje og andre vestlege kyrkjer, atterreist som helgen i andre kyrkjer som gav han ein annan dom og eit anna ettermæle.

I dag, i vår sekulære verd, er dette underleg lesnad. Men han fortel kor viktig og tankeformande religionen var ein gong.

Judas Iskariot

Skurk eller Jesu næraste?

Judas Iskariot er skurken i påskeforteljinga. Evangelistane er svært hardhendte med han. Ikkje berre sveik han Jesus for pengar. Han var også så lurvete at han stal frå felleskassa, som han skulle passe på.

Ettermælet hans er elendig. Namnet hans, Judas, er blitt eit internasjonalt skjellsord, som vårt eige Quisling. Judaskyss er giftige saker, og judaspengar følgjer det lite ære med.

Om Judas Iskariot er det ingenting godt å seie.

Om Judas fortel evangelia ingen ting, bortsett frå sviket, underslaget og døden. Dette slo ikkje ettertida seg til ro med. Var dommen rettvis?

—  Andreas Skartveit

Liknar ordet «jøde»

Namnet hans liknar på ordet for jøde, og mange meiner at denne likskapen, saman med hatet mot svikaren Judas, har vore med og skapt antisemittisme.

Europeisk kunst i mellomalderen og renessansen måla Judas med jødiske, stereotype og nedsetjande trekk, medan dei andre apostlane var meir nordiske og høgreiste. I Dantes Helvete er Judas forvist til det nederste rommet, som han deler med Brutus og Cassius, som drap Cæsar. Der skal dei lide i all æve i kjeften på Satan.

Men var det no så enkelt?

«Det siste måltid» av Carl Bloch (1834-1890)

Var Judas med i Guds plan?

Om Judas fortel evangelia ingen ting, bortsett frå sviket, underslaget og den elendige døden. Dette slo ikkje ettertida seg til ro med. Den harde dommen i evangelia vart utfordra. Var dommen rettvis?

Om det no var slik, som Bibelen seier at det var, at Jesu soningsdød på korset var nødvendig for å fullføre Guds frelsesverk for ei fallen manneætt, kva då med Judas?

Var ikkje han då ein integrert del av Guds plan? Var ikkje hans svik nødvendig for at planen skulle bli fullført? Var ikkje sviket reint ut sagt planlagt, av den allmektige Gud og son hans?

Og om så var, hadde Judas då ein sjanse? Kunne han gjort noko anna? Kunne han gjere opprør mot den guddommelege allmakta som styrte det heile? Er det då rett å dømme han, slik evangelistane gjer? Må ikkje dommen heller rette seg mot han som styrte det heile, den allmektige Gud, som hadde regien?

Dette var vanskelege tankar som levde gjennom hundreåra.

Judasevangeliet fortel ei anna historie

I 1978 vart det funne eit papyrusmanuskript i ei hole ved Nilen. Manuskriptet kallar seg sjølv Judasevangeliet. Språket er koptisk, og evangeliet er truleg skrive på gresk i det andre hundreåret etter Kristi fødsel. Evangeliet var kjent i antikken. Biskop Ireneus i Lyon dømde det som kjettersk i år 180 e.Kr. Så vart det borte, før det dukka opp 1800 år seinare.

Forskarane meiner evangeliet er skrive i ei gnostisk sekt i Egypt, ei sekt kyrkja såg på som vranglærarar.

Dette Judasevangeliet fortel om Jesu siste dagar. Og det er ei heilt anna historie. Det er Judas som står Jesus nær. Om dei andre apostlane seier Jesus kritiske ting. I opningsscenen ler Jesus av dei andre apostlane, fordi dei bed til «guden deira», den katastrofale guden som skapte verda. Dei er som ein prest i templet, som plantar «tre utan frukt, i mitt namn, på ein skammeleg måte». Han utfordrar dei til å sjå på han og forstå kva han verkeleg er. Men dei snur seg bort.

Judasevangeliet er ei rehabilitering av Judas Iskariot, ei reinvasking som blir avslutta med ei himmelferd.

—  Andreas Skartveit

Han vender seg til Judas: «Du skal ofre den mannen som innhyller meg!» Det er Judas som forstår Jesu bodskap. Jesus bed Judas om å melde han til romarane, slik at Jesus kan fullføre den oppgåva Gud har gitt han. Ved å gjere det, utfører han Jesu vilje.

Judas forstår kva lagnad han då vil få, og Jesus åtvarar han: «Du vil bli forbanna.»

Manuskriptet har fleire samtalar mellom Jesus og Judas, som altså sto kvarandre svært nær i dette evangeliet. Ein gong bed Jesus Judas å sjå på skya, lyset inni den, og stjernene rundt: «Den stjerna som viser veg, det er di stjerne.»

Ettermælet let seg ikkje redde

I Det nye testamentet får Judas ein ussel død, ein svikar verdig. Då han ser kva han har gjort, går han bort og hengjer seg. Etterpå ramlar han ned frå galgen og sprekk i to så innvollane hans ramlar ut. Så mykje verre kunne det ikkje bli.

I Judasevangeliet enda han livet på heilt anna vis, skildra med ord som knyter døden hans til Jesu ord om skya og stjerna. Judas blir borte i ei skinande sky. Folk på bakken høyrer ei røyst frå skya, men det røysta seier, er borte i ein brest i papyrusen, så det får vi aldri vite.

Evangelia fekk gjennomslag for sin versjon, og Judasevangeliet vart berre ein arkeologisk sensasjon.

—  Andreas Skartveit

Men det er ein langt meir storslått utgang på livet enn den han får i vår Bibel. Så er Judasevangeliet ei rehabilitering av Judas Iskariot, ei reinvasking som blir avslutta med ei himmelferd.

Det har stått mykje strid om kva som er den historiske kjerna i evangelia. Det får liggje her. Men Judasevangeliet, som fagfolk har godkjent som ekte, og tidfest til å vere litt yngre enn dei bibelske skriftene, fortel at det var mange ulike tradisjonar ute og gjekk i første hundreåra av vår tidsrekning. Ein av tradisjonane såg det som si oppgåve å berge ettermælet til Judas Iskariot.

Det viste seg å vere umogeleg. Evangelia fekk gjennomslag for sin versjon, og Judasevangeliet vart berre ein arkeologisk sensasjon. Ettermælet til Judas Iskariot let seg ikkje redde.

Takksamt materiale for folkefantasien

Andre gjekk det betre med. Pontius Pilatus vart helgen i den koptiske kyrkja, og kona hans, Procula, vart helgen i austkyrkja.

Mindre heldig var Maria Magdalena, som ettertida stempla som ei vidløftig dame med tvilsamt rykte.

Dei bibelske forteljingane var eit takksamt materiale for folkefantasien gjennom hundreåra. Og det måtte dei bibelske personane berre finne seg i.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt