Verdidebatt

Dette er Sentrum sin abortpolitikk

PARTIET SENTRUM: Forslaget om å erstatta abortnemndene tyder ikkje at vi vil utvida abortgrensa til 22 veker.

Mykje av det som har vore skrive og kommentert om abortsynet i Partiet Sentrum sitt programutkast, viser at det er behov for nyansering og oppklaring.

Programkomiteen i Partiet Sentrum har i sitt utkast til Stortingsvalprogram hovudsakleg gitt støtte til dagens abortlov, samtidig som ein problematiserer nemndsystemet, slik svært mange i dag gjer.

Mange av framstillingane og tilsvarande reaksjonar ein har registrert på dette tema viser at det er behov for litt tolkningshjelp.

Dag Sele

Behov for betre formuleringar

Det skal også innrømmast at det kan tyda på behov for noko betre formuleringar frå vår side. Eventuelle justeringar i det som er formulert, skal organisasjonen få ta seg av i programbehandlinga.

Men som ein av dei som har vore medverkande til desse kanskje litt utydelege formuleringane, vil eg her prøva å gjera greie for kva som faktisk står der. Og så kan kvar og ein gjera seg opp ei meining om kva som er utydeleg formulert, kva som kan vera mistydingar og kva som kanskje kan vera skremselspropaganda frå politikarar som vil halda veljarane sine på plass.

Det kan godt vera at det å la fastlegen og kvinna ha myndigheit til å ta avgjerd saman i saka, oftast vil føra til at synet til kvinna vinn fram.

—  Dag Sele

Eit dilemma, to liv

Når programutkastet seier at «Abortspørsmålet innebærer en innebygd motsetning mellom den gravides valgfrihet og verdi og det ufødte livets verdi», at «Dagens abortlov er i hovedsak et godt kompromiss mellom kvinnens rett til selvbestemmelse og hensynet til fosteret. (…) og fosteret må gradvis få noe økt rettsvern frem mot fødselen» og at «Sentrum vil beholde 12-ukersgrensa for selvbestemt abort», tyder det faktisk at Sentrum meiner at abortspørsmålet er eit dilemma som inkluderer to liv.

Det tyder også at dagens abortlov er eit kompromiss mellom desse omsyna og at Partiet Sentrum vil halda på dagens 12-vekersgrense. Det tyder faktisk ikkje at Partiet Sentrum vil utvida abortgrensa til 22 veker.

Når det så står at «Sentrum vil fjerne abortnemndene, og overføre beslutningsmyndigheten til kvinnen selv og hennes fastlege», er heller ikkje det eit forslag om å erstatta nemndene med sjølvbestemt abort etter 12 veker.

Før og etter 12 veker

Det kan godt vera at det å la fastlegen og kvinna ha myndigheit til å ta avgjerd saman i saka, oftast vil føra til at synet til kvinna vinn fram. I så fall vil det likna mykje på resultatet av dagens nemndsystem, der talet på avslag er svært lågt. Og er abort meir moralsk rett om ei nemnd har konkludert enn om den gravide har konkludert?

Partiet sentrum er likevel tydelege på å skilja mellom abort før og etter 12 veker. Det har samanheng med at det gradvis aukande rettsvernet til fosteret gjer det naturleg å sikra ei stemme for dette rettsvernet i denne fasen av svangerskapet.

Kanskje er det ikkje ein gong eit godt forsøk. Men det er i alle fall ikkje eit forslag om sjølvbestemt abort til veke 22.

—  Deg Sele

Dette har god forankring i dagens abortlov. Det er ingen motsetnad mellom dette og eit ønskje om å finna ei ordning som er støttande og omsorgsfull og samtidig gjer den gravide si tungtvegande stemme tydeleg, også i denne fasen.

Programkomiteen i Partiet Sentrum gjer her eit forsøk på å koma med eit konkret forslag til løysing på noko som svært mange ser på som problematisk med dagens abortpraksis, og som ingen så langt har funne noko godt svar på.

Kanskje er det ikkje ein gong eit godt forsøk. Men det er i alle fall ikkje eit forslag om sjølvbestemt abort til veke 22.

Vi vil ha reproduktiv rettferdighet

Den som les avsnittet om reproduktiv helse i programutkastet vårt, vil derimot finne ein bodskap som skil seg frå det føregåande:

«Tanken om reproduktiv rettferdighet tar høyde for at reell valgfrihet fordrer sosial rettferdighet. Derfor må retten til å ikke få barn, retten til å bære fram et barn og retten til å oppfostre barn i trygge omgivelser, uavhengig av livssituasjon, sees i sammenheng».

Og vidare: «Så lenge det å få et barn med funksjonsnedsettelse er forbundet med et krevende liv hvor foreldre stadig må kjempe «mot systemet», er kvinners reproduktive valgfrihet begrenset. Reproduktiv helse og et funksjonsfremmende samfunn for alle mennesker må derfor sees som to sider av samme sak.»

Mer fra: Verdidebatt