Verdidebatt

Ski-VM gir innblikk i ein arena der det er meir akseptert å vera religiøs enn i kyrkja

DISIPLIN: Det er fastetid, og ski-esset Bolshunov vart nyleg min høgst uventa motbakkepredikant.

Eg er på ingen måte nokon skisportentusiast. Eg kunne lagt ut i det vide og breie om kor smal skisporten har blitt og kor mykje vesle, styrtrike Noregs dominans viser kor usunn og materialistisk og lite berekraftig heile skisirkuset har blitt.

Og likevel. Den dagen Bolshunov på 30-kilometeren drog frå heile koppelet med nordmenn i det som må vera ein av Oberstdorfs vondare bakkar, sat eg klistra mens ei merkeleg kjensle trengde seg på. Passande nok finst eit tysk ord for denne tilstanden. Sehnsucht.

Sofie Braut

Paradokset ved eit ski-VM no midt i fastetida, er at vi her får innblikk i ein arena der det er meir akseptert å vera religiøs enn i kyrkja.

—  Sofie Braut

Lengsel, og mykje meir

Tysk vokabular har eit rufsete rykte som upoetisk kantete. Dei får sjeldan hjelp frå våre kulturelle referansar med krigsfilmens konsekvente utestemme som evinneleg lydkulisse.

Trass alt dette; overraska av det vakre, ja melodiøse sehnsucht kan eg bli i dei merkelegaste situasjonar.

Ordboka fortel at sehnsucht tyder noko slikt som lengsel, men rommar så mykje meir at Wikipedia, med referanse til psykologien, må lista opp heile seks kjernekategoriar for å sirkla det inn. Eg skal koma tilbake til nokre av dei.

Råka av akutt ambivalens

Som sagt, då russaren avgjorde løpet, då han, etter kilometervis med strev mønstra på den ekstra kraftreserven i motbakken med eit rått rykk og eit taktskifte forma av tusenvis av treningstimar, formidable forsakingar, prøyssardisiplinære prioriteringar, då kjende eg sterkt at vel handlar dette om å vinna eit løp i eit VM… men her er det så mykje meir!

Augneblinken opna seg liksom mot noko større, og det skarve skiløpet fekk brått ein enorm eksistensiell resonanskasse: ei sterk påminning om det uferdige og midlertidige ved alt menneskeleg strev.

Eg vart råka av akutt ambivalens, og eg tok meg i å reflektera over livet generelt og eige liv spesielt. Sjølve symbolikken i den reindyrka vinnarvilje som avslørte seg i denne motbakken tok heilt overhand. Desse kjenslene er alle blant dei som er typiske nettopp for sehnsucht. Det er som sjølve livslengten opnar seg, og ein må berre sleppa det til det når det skjer.

I staden for å vera ei vinnaroppskrift, blir ord som disiplin og dyd fort litt vanskelege når dei kjem frå ein talarstol

—  Sofie Braut

Bolshunov: ein ufrivillig predikant

Paradokset ved eit ski-VM no midt i fastetida, er at vi her får innblikk i ein arena der det er meir akseptert å vera religiøs enn i kyrkja.

At seriøse idrettsstjerner innordnar alle andre ting i livet etter det eine, overordna målet, er unødvendig å påpeika, for alle veit jo at nær pallen kjem ein slett ikkje utan djup forplikting og forsaking.

Skistjerner som Bolshunov, står som ufrivillige predikantar i målområdet etter å ha utmanøvrerte sine talrike motstandarar, og kanskje utan å vera klar over det, oppsummerer dei grunnleggande sider ved eit liv i tru: Å stadig ta gode val, øva, reisa seg att etter nederlag, øva meir, tøyma dårlege impulsar, velja rett kost og livsrytme.

I sporten er det lov å seia slikt, og her veit alle som ser på at slik er det når ein har sett seg eit høgare mål. Då kan ein ikkje berre ta alt som det kjem og satsa på at ting ordnar seg.

Vanskeleg når det kjem frå ein talarstol

Når ein aksepterer slike barske sanningar for nokså uvesentlege ting som skirenn, må ein jo berre undra seg over at ein ikkje tenkjer tilsvarande med endå meir alvor for det eksistensielt avgjerande truslivet.

Her finn vi snarare at det ikkje er så sjølvsagt å snakka om ein slik systematikk, det er vel heller så bør ein passa seg litt. I staden for å vera ei vinnaroppskrift, blir ord som disiplin og dyd fort litt vanskelege når dei kjem frå ein talarstol, og ein kan nesten få inntrykk av at innfallsmetoden skulle vera ein farbar veg for oss vankelmodige menneske.

Det er då vi treng å bli innhenta av sehnsucht; av vår eigen lengt, som kan røpa for oss at vi vil djupare med trua, vi treng forplikting for dei lange distansane. Og slik slitne skiløparar har dei alltid nærværande sekundantane, har også den kristne ein som støtt er på sida med det viktigaste referansepunktet: Herre Jesus Kristus, ver nådig mot meg, ein syndar.

Det vestlege, postmoderne kravet om ei subjektiv tru skreddarsydd rundt meg og mine behov, kan bli farleg tom

—  Sofie Braut

Disiplin er verdt å feira

Det vestlege, postmoderne kravet om ei subjektiv tru skreddarsydd rundt meg og mine behov, kan bli farleg tom, men fastetida gir eit kjærkome høve til i staden å forankra trua i Bibelske realitetar og ikkje minst i Jesus sine ord om kva livet med han inneber: «…seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg».

Djupt i fastetida ligg den gamle åndelege kunnskapen som Richard Foster røper alt i tittelen på boka si Celebration of Dicipline: Disiplin er verdt å feira.

I skisporten er dette sjølvsagt. Korleis skal du feira i kveld? må vera eitt av dei vanlegaste spørsmåla medaljørane får når triumfen er eit faktum. Sjølvsagt er det ein fest i vente. Men han hadde aldri kome i stand utan all forsakinga i forkant, såpass er minst like sjølvsagt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt