Verdidebatt

All PR er berre PR

KONSULENTTENESTER: Fleire enn Senterpartiet burde snakke om betre regulering av PR-bransjen.

Det er lett å ty til flosklar om PR-bransjen. Det er lett å piske opp stemninga mot den mektige «PR-bobla», slik Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum gjorde førre veke. Førestillinga om mektige PR-folk i dress som spring frå møte til møte med bedrifter og organisasjonar for å fakturere timar, passar perfekt inn i Senterpartiets ønskedraum om konflikt mellom by og land.

Likevel kan eg ikkje fri meg frå å gje Senterparti-leiaren litt rett i kritikken sin mot PR-bransjen og dei tette relasjonane mange der har til politikkens indre liv. Staten brukar omtrent 440 millionar kroner på PR-tenester i året, og det er utan at ein reknar med dei heilstatlege selskapa Entra og Vy.

Skitne metodar

All PR er god PR, vert det gjerne sagt. Vel, kanskje vi skal nøye oss med å slå fast at all PR er PR, i alle fall. Slik opplevast det nok kanskje spesielt for PR-byrået Geelmuyden Kiese som den siste tida har vist fram i all offentlegheit kor skitne enkelte av metodane til desse byråa kan vere.

På sitt beste kan PR-bransjen vere eit godt bidrag til den demokratiske debatten

—  Emil André Erstad

Då Atlas Utvikling la ut bilete av ei lettkledd kvinne i ei annonse for eigedomssal, sa KrFU-leiar Edel-Marie Haukland tydeleg ifrå. Det førte til at Geelmuyden Kiese ringte, maila og sendte SMS til Haukland for å «be henne ta ansvar og rydde opp». At slike metodar i det heile tatt fins i repertoaret til eit kommunikasjonsbyrå, er skrekkeleg. Heldigvis tok mange av bransjekollegaene avstand til det heile.

På sitt beste kan PR-bransjen vere eit godt bidrag til den demokratiske debatten, for eksempel ved å gjere politikarane sine avgjersler betre ved å sikre innspel frå folk som er berørt. Aller helst burde kanskje folk flest ha høve til å gje slike innspel utan å betale tusenvis i konsulenttenester. Samstundes er det få som reagerer på at advokatar tar seg betalt for å hjelpe folk som treng hjelp i rettsvesenet.

PR og politikk

Det er greia: Debatten om PR-bransjen er for komplisert til å la den bli eigd av populistiske utspel frå Senterparti-leiaren åleine. Det moderne samfunnet vårt treng gode kommunikasjonsfolk. Ein milliardindustri oppstår ikkje utan at det fins behov for den.

Nokon har prøvd, men stort sett er det oppsiktsvekkande stille. I sin gjennomgang av PR-bransjens forhold til politikken i fjor konkluderte den liberale tankesmia Civita med at «mye av kritikken er overdrevet» og at «det er vanskelig å finne konkrete eksempler som viser at PR-bransjen fremstår som en trussel mot demokratiet». Samstundes erkjenner tankesmia at «dersom politikk utvikler seg en kultur hvor ulike typer politikere rekrutteres fra en snever krets, er det uheldig for politikken».

Regelverket som allereie fins for forholdet mellom norske PR-byrå og styresmaktene er mangelfullt viss vi samanliknar oss med EU, Storbritannia og USA.

—  Emil André Erstad

Og det er kanskje nettopp det som ligg i den siste bekymringa som er i ferd med å skje. Det er berre å telle opp kor mange tidlegare statssekretærar som no jobbar i PR-bransjen.

Regelverket som allereie fins for forholdet mellom norske PR-byrå og styresmaktene er mangelfullt viss vi samanliknar oss med EU, Storbritannia og USA. I Norge vert tidlegare politiske rådgjevarar og statssekretærar i beste fall pålagt karantenetid etter å ha slutta i jobben, før dei kan byrje å jobbe for eit PR-byrå – i alle fall for saker dei har arbeidd tett med i for eksempel eit departement.

Vi veit likevel ingenting om kven som påverkar folka vi har vald til å styre landet vårt. Alle veit at stemmer i val tel, men det er ressursane som avgjer. Det er ein av dei mest sentrale formuleringane i den moderne statsvitskapen.

Behov for ein regulert PR-Bransje

I Europaparlamentet har ein eit opent og tilgjengeleg lobbyregister som gjer at den jamne europear kan sjekke kven som påverkar politikarane sine. Det same gjeld på Capitol Hill i USA og i Westminster i London.

I Norge har Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet hindra innføringa av eit liknande register, kvar gong saka har vore oppe i Stortinget. Det er på tide at desse partia tar ansvar for ein meir regulert og ordna PR-bransje også i Norge.

Alternativet er kanskje at Trygve Slagsvold Vedum kan le heile vegen til valet, og sleppe unna med flosklar om PR-bransjen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt