Verdidebatt

Biskop Veiteberg: Den gode forkynnaren er ikkje unntaket

PREIKER: Prestar er kjedelege, bortsett frå vår då, som er heilt spesiell.

I Vårt Land har det vore skrive ein del om kvaliteten på preiker i norske kyrkjer. Ein kan lett få inntrykk av at det meste som skjer av forkynning er dårleg, men at det finst nokre få gode unntak.

I mine møte med prestar og kyrkjelege medarbeidarar dei siste åra, har eg nesten berre møtt desse positive unnataka. Det synst eg er viktig å seie. For eg veit at allmenn og uadressert kritikk lett treff feil mottakarar, til dømes alle dei som så mange oppfattar som dei positive unnataka frå regelen.

Dei er ikkje unntaka

Eg har i dette året då også viktige sider av kyrkjelivet har vore stengt ned, fått mange positive tilbakemeldingar om korleis sørgande, dåpsfolk og brurepar har blitt tatt imot og tatt på alvor i møte med prestar og andre tilsette. Det som vart sagt og gjort i desse gudstenestlege handlingane, i gravferdene, dåpshandlingane og vigslane, har blitt opplevd som rette ord i rett tid av dei det galdt.

På fjernsynsskjermen dukkar det opp tillitsvekkande prestar som kan setje gode ord på det som skjer. Eg kan ikkje få meg til å tru at også dei dei er unntaka frå regelen.

—  Kari Veiteberg

Heldigvis høyrde altså også desse prestane med til dei positive unnataka. Noko av det same kan vi jo observere når det skjer lokale katastrofar, på Gjerdrum eller i Lofoten: På fjernsynsskjermen dukkar det opp tillitsvekkande prestar som kan setje gode ord på det som skjer.

Eg kan ikkje få meg til å tru at også dei dei er unntaka frå regelen. Eg trur heller desse prestane tydeleg viser kor kompetente og også nødvendige norske prestar er, både for kyrkja og for samfunnet. Eg trur jo også det har vore noko av bakgrunnen for at mange i lokalkyrkje-lydane var glade for å følgje digitalt tilgjengelege forkynning frå den lokale presten i lokalkyrkja i denne tida.

Bibelfagleg kompetanse

Dei teologiske lærestadene har vore viktige for den høge teologiske og faglege kompetansen eg møter i presteskapet. Eg er glad for å kunne møte kollegaer som er glitrande fagteologar, mange av dei med spesialkompetanse i nytestamentet og eksegetisk arbeid, som kan tenke seg og som finn det meiningsfullt å arbeide som prestar i kyrkja!

For vi treng verkeleg forkynnarar som er gode på å lese bibeltekst og også på å forstå dei utfordringane folk møter akkurat i dette samfunnet, akkurat no.

Utan ein slik bibelfagleg kompetanse trur eg verkeleg forkynninga på sikt både kan bli meir uforståeleg og mindre evangelisk.

—  Kari Veiteberg

Det har ikkje kome så tydeleg fram i dei ulike innlegga om forkynning i et siste: At kristen forkynning alltid må dreie seg om å formidle evangeliet om Jesus. Det seier seg sjølv at forkynnarane då treng god kjennskap til evangelietekstane og bibelen i det heile. Denne nødvendige bibelfaglege kompetansen satsar eg og håpar på dei teologiske lærestadene vil ta vare på og vidareutvikle i tida framover. Utan ein slik bibelfagleg kompetanse trur eg verkeleg forkynninga på sikt både kan bli meir uforståeleg og mindre evangelisk.

Eg har høyrt fleire gode preiker i tre åra eg har vore biskop. Og eg kan ikkje få meg til å tru at dei eg har høyrt berre er positive unnatak frå ein nokså trist regel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt