Verdidebatt

Når biskopane er tause

TRUSFRIDOM: Kvifor er eigentleg biskopane i Den norske kyrkja så stille i debatten om trusfridom i Klepp?

2021 kom knapt i gang før vi fekk ei svært interessant sak om trusfridom med lokal vri her til lands. Eit sakskompleks som vi vanlegvis assosierer med langt fjernare himmelstrok fekk brått adresse midt i det norske bibelbeltet. Klepp kommune føreslår, som mange truleg har fått med seg, å gå lenger enn staten i sitt siste forslag knytt til fordeling av kulturstøtte til lag og foreiningar.

Forslaget seier at alle, uavhengig av «samlivsform, seksuell orientering, kjønn eller etnisitet» skal kunna veljast til styre, tillitsverv og posisjonar, og verkar nærast målretta for å råka tradisjonell kristen samlivsetikk og ekteskapslære. Saka er for tida ute på høyring, og responsen har så langt vore formidabel. Det elles grasrotvenlege Senterpartiet køyrer saka i Klepp, og deira representant uttalar at det er «sjokkerende» å sjå responsen på det han kallar «en bagatellmessig sak». Det er freistande å minna lokalpolitikaren om at i eit demokrati er det ikkje politikarane sitt privilegium å vedta kva saker som er viktige for folk. Stor respons tyder at saka engasjerer; denne demokratiske logikken kan sjølv ikkje ein SP-veteran heva seg over. I staden for å la seg sjokkera av folkeleg engasjement, bør både lokalpolitikarar og andre lytta til det som kjem fram i denne viktige saka.

Sofie Braut

Vi likar å tenkja at det finst takhøgd og mangfald, men korleis er praksis?

—  Sofie Braut

Har nådd stortingspolitikaranes sfære

At temaet trusfridom engasjerer er jo først og fremst gledeleg. Det er også forfriskande når kommunestyrerepresentant i Stavanger, Mímir Kristjánsson, hever røysta til forsvar for dei lågkyrkjelege som truleg står Raudt-politikaren fjernt i mange andre saker. Han sa til avisa Dagen at han «får fnatt» av dei som meiner kommunestyre skal bestemma kva frikyrkjer og moskear skal ha som reglar i sine samfunn. Saka har for lengst nådd stortingspolitikaranes sfære, og både statsrådar og SP sentralt har sagt sitt. Sjølv om det altså er ein lokal vri, har dei fleste oppfatta at saka har langt vidare implikasjonar, og kan skapa potensiell presedens framover.

Sjølv om kristne forsamlingar bør unngå å gjera seg altfor avhengige av offentlege midlar, er det også noko med å la slike saker bli prøvesteinar for kva kår trusfridomen har i landet vårt. Vi likar å tenkja at det finst takhøgd og mangfald, men korleis er praksis? Det kan ei sak som den i Klepp gi nokre viktige indikatorar på.

Stille frå biskopane

På denne bakgrunn er det interessant å merka seg kor stilt det har vore frå dei åndelege leiarane i det største trussamfunnet i Noreg i denne saka. Biskopane i den norske kyrkja let til å vera fullstendig målbundne eller uinteresserte i saka. Vi kan lettvint dra konklusjonen at det er fordi dette ikkje gjeld dei sjølve; dei har som kjent «sikra seg» når det gjeld synet på samliv og ekteskap gjennom vedtaket om to likestilte syn på homofilt samliv frå 2016.

Men kan det også vera slik at biskopane ikkje kjenner att store, prinsipielle tema når dei dukkar opp i lokal drakt? Støtte til trusfridom i ein global kontekst er Dnk tydeleg på, noko samarbeidet deira med Stefanusalliansen er eit godt døme på. Men kva med det heimlege engasjementet? Klepp-saka gir oss ei nærare forståing av korleis trusfridom vert utfordra hos oss. Då ser det kanskje mindre dramatisk ut, men den underliggande logikken og nådelause tendensen er den same: Myndigheitene går inn med detaljstyring i teologiske spørsmål og brukar verkemiddel som økonomiske sanksjonar for å få sine idear eller rådande tankesett gjennom. Bør ikkje dette engasjera biskopane?

Vi treng eit samfunn med rom også for menneske som ikkje vil paradera under regnbogeflagget

—  Sofie Braut

Med utgangspunkt i Dnk-kompromisset om sidestilte eksteskapssyn, bør det følgja logisk at ein forsvarar også kristne trussøsken som «står tiltalt for» retten sin til å hevda at ekteskapet er for ein mann og ei kvinne. Eit «syn» er som kjent ikkje ein teori om ekteskapet, men noko som skal få prega leiarar og organisasjon, slik at liv og lære ikkje vert ulike departement, men ein integrert heilskap. Det tradisjonelle ekteskapssynet som i Klepp er føreslått knebla gjennom økonomisk straff, er altså det eine av to likestilte syn i Dnk, og angår dermed også dei.

Rom for ulike idear

Er ekteskaps-kompromisset uttrykk for at Dnk har si sak så ettertrykkeleg i orden med tidsånda at ein ikkje eingong treng å bry seg når trusfridom kjem i spel? Biskopane tenkjer kanskje at dei lågkyrkjelege får snakka si eiga sak, og at det er dei uvedkomande. Det i så fall ein posisjon som verkar underleg på kollisjonskurs med rolla Dnk elles tek i slike spørsmål. Stefanusalliansen som arbeider med å forsvara trusfridom i global kontekst, forsvarer jo ikkje berre kristnes trusfridom, men også menneske frå andre trussamfunn, og den norske kyrkja vil naturleg nok vera med på å støtta slik ytrings- og trusfridom, også der samlivsteologien handlar om kvinne og mann. Det er kanskje ei slik global realitetsorientering som kan hjelpa både Klepp-politikarar og kyrkjeleiarar til å skjøna at vi treng eit samfunn med rom også for menneske som ikkje vil paradera under regnbogeflagget, fordi i eit fritt samfunn trur vi ikkje på einsretting i trusspørsmål. Vi trur til og med på at dei vi er usamde med kan ha både gode intensjonar og viktige bidrag til fellesskapet. Vi må vekk frå tanken om at ulikskap handlar om diskriminering og vond vilje og i staden minnast at vi treng rom for ulike idear om kva som konstituerer det gode samfunnet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt