Verdidebatt

Årets namn?

NYTTÅR. Kva er årets ord eller namn, som står etter dette spesielle året? Mange namn er velfortent kåra, og årets ord har Språkrådet definert.

Eg tenkjer på tre namn som for alltid vil få året 2020 knytta til namnet sitt, fordi det vart det siste dei levde, og fordi dei på ulikt vis har lært meg noko om korleis eg kan møte 2021.

Ei kvinne med alle odds mot seg

Den første er ei kvinne, Micheline Kamba Kasongo, frå Kinshasa i Kongo. Ho er ei av dei som har vist meg kva for haldningar som kan bere gjennom motgang og kriseår som dette, og som gir meg mot til å sette i gang med eit nytt. Ho var professor i Kinshasa i det som kan omsetjast med «samfunnsforvandling». Som teolog!

Ho hadde mange odds mot seg i livet. Funksjonshemma, med proteser på begge bein, ei afrikansk kvinne og mor, i eit av dei landa som slit mest med fattigdom, vald, ikkje minst mot kvinner, og med store avstandar og ikkje minst politiske spenningar. Men nokon hadde tru på hennar evner, og Kirkenes Verdensråd (KV) kunne i si tid bidra med stipend til henne så ho fekk seg teologisk utdanning. Sidan vart ho ordinert prest og ho tok ein doktorgrad. Under ein operasjon i sommar vart Michelin smitta av covid-19. Det vart ein alt for tidleg slutt på eit liv som har gitt mange menneske mot.

Micheline Kamba Kasongo

Med tolmod kan viktige kampar vinnast

Micheline var medlem av dei styrande organa i KV då eg var generalsekretær. Ho hadde ei konsekvent haldning i alle situasjonar og debattar: Mot. Uthaldande mot. Mot til å seie frå, og mot til å bli sett og høyrt, på vegner av dei mange ho representerte.

Det var ikkje alt som var lagt til rette for henne, for å seie det forsiktig.

—  Olav Fykse Tveit

Micheline gav meg mot til å bruke ord som «transformation». Det var ikkje alt som var lagt til rette for henne, for å seie det forsiktig. Men ho gav seg ikkje, og vart heller ikkje utslått av at det var barrierer ein ikkje kom over så fort. Det kunne vere lange og smale trapper, direkte eller indirekte motstand mot kvinners teneste som kyrkjeleiarar, eller urettferdige samfunnsstrukturar. Ho visste at alt kunne ikkje endrast, eller forvandlast, på ein gong. Men ho viste at den som har ei fast haldning, kan med tolmod vinne både respekt og mange viktige kampar.

Livet er meir enn kamp, det er også feiring og glede. På eit besøk med eksekutivkomiteen i KV til ein heilt annan del av verda var vi inviterte til fest med patriark og prelatar. Under middagen reiste ho seg på sine proteser med hjelp av krykkjene sine og song med kraftig røyst ei vakker fransk kjærleiksvise. Applausen og atterklangen i klostermurane varte lenge.

Orda hans lever vidare

Mot gjer at ein er seg sjølv, men også at ein ikkje er til for seg sjølv. Kyrkja kan forvandlast og verte meir open og inkluderande. Samfunnet vi lever i, nasjonalt og internasjonalt, kan forandrast og verne om alle menneske og natur.

Svein Ellingsen har gitt oss mange ord for å uttrykkje slike haldningar. Hans lange salmediktarliv tok slutt i 2020, men orda lever vidare:

«Vær sterk, min sjel, i denne tid, når du har tungt å bære. Hold ut i prøvens stund og lid de døgn du går i lære. En dag til slutt blir mørket brutt av lyset fra Guds framtid

Svein Ellingsen

Kloke ord om haldningar

Forholda, eller relasjonane mellom oss, kan forandrast. Det kjem mykje an på kva for haldningar ein har. Ein annan klok person som har lært meg mykje om kva haldningar betyr, og korleis dei kan definerast, kjem også for alltid til å ha årstalet 2020 bak namnet sitt: Professor Ivar Asheim.

Han forska og foreleste om etikk, og fordjupa seg spesielt i kva haldningar betyr. Eg fekk mykje nytte av det han skreiv i mitt doktorgradsarbeid om «økumeniske haldningar» og «mutual accountability». Eg analyserte kva det vil seie å vere gjensidig ansvarlege og etterrettelege over for kvarandre i eit fellesskap. Kvar dag i mitt arbeid sidan har eg hatt bruk for dette verktøyet han gav meg. Eg reknar med at det vil vere slik i dagane som kjem, også.

Ivar Asheim

Hans definisjon var at haldningar er ein fast posisjon, i forhold til ei sak eller i ein relasjon. Det gjeld våre indre kvalitetar, men noko meir enn kjensler, og noko anna enn berre etiske prinsipp. Det er noko som viser seg som noko fast og etterretteleg i forhold til noko eller nokon, i ein relasjon, slik ein talar, arbeider og lever saman i praksis. For mykje fokus på dei gode og sterke eigenskapar, eller «dyder» kan føre til eit urealistisk syn på mennesket. Det er det som den djupe lutherske erkjenninga av oss menneske får fram: Vi er både syndarar og rettferdige på same tid.

I Jesu namn får vi mot

Med det er vi ved nerven ved eit årsskifte. Kva skal vi leggje bak oss? Kva skal vi ta med oss? Korleis kan vi gå vidare med godt mot, utan å vere korkje mismodige eller hovmodige?

Nyttårsdagen er Jesu namnedag. Kyrkja er eit fellesskap i verda av menneske med mange svært ulike namn. Ved inngangen til kvart nytt år minner ho oss på kva for namn som knyter oss saman. Slik også no, og ikkje minst i det året då vi ikkje kunne samlast slik vi ønskte.

I Jesu namn kan vi ha mot til å sette ord på kva vi strevde med dette året, kva vi tapte, og kvar vi svikta.

—  Olav Fykse Tveit

I Jesu namn kan vi ha mot til å sette ord på kva vi strevde med dette året, kva vi tapte, og kvar vi svikta. Men i Jesu namn kan vi også takke for det vi opplevde og lærte dette året som gav oss uthaldande mot til å vere oss sjølve og bidra med det vi kan, enkeltvis, som små fellesskap, som kyrkje, som samfunn. Vi kan legge noko bak oss, og vi kan gå vidare.

«I Jesu navn være det gamle år endt»

Den norske kyrkja har også dette året, om enn på svært spesielle vilkår, og på mange nye måtar, vist at det er «rom for deg» i kyrkja. Vi har lært mykje, også om at det er bruk for alle, tilsette og frivillige, og at det er berre med samarbeid vi kan vere kyrkje. Eg håpar vi har lært noko om å vere kyrkje for dei vi ikkje såg, som ikkje var med på ulike tiltak eller samlingar, for å ta vare på liv og helse, eller av andre grunnar.

Vi har lært mykje, også om at det er bruk for alle, tilsette og frivillige, og at det er berre med samarbeid vi kan vere kyrkje.

—  Olav Fykse Tveit

I Jesu namn får vi mot til å leve med fortida og gå vidare med håp for framtida. For vi lever ikkje åleine eller for oss sjølve, men i ein relasjon til den Gud som frelser og stadig skaper noko nytt. Slik kan vi også møte 2021. Som det heiter i den gamle bøna for nyttårsaftan:

Gud bevare vår inngang og vår utgang fra nu og til evig tid. I Jesu navn være det gamle år endt, i Jesu navn det nye begynt. Vi går trøstig videre i Jesu dyrebare navn, i det vil vi leve, i det vil vi dø.

Mot til å møte kriser

Med dette motet kan vi få hjelp til å møte kriser som den vi no ser rammar mange menneske på Romerike, utan å verte mismodige eller ignorante. Kjærleiken bind oss saman. Før, no og i år som kjem.

(Da rasulykken på Gjerdrum ble kjent ønsket preses Olav Fykse Tveit å legge til det siste avsnittet i teksten. Dette avsnittet kom ikke med i papirutgaven, men publiseres i nettutgaven. red. anm.)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt