Verdidebatt

Det vi ser når vi ser eit bilete av eit foster

ABORT. Nyleg blussa ein abortdebatt opp i kjølvatnet av eit oppslag i internpublikasjonen ved Menighetsfakultetet, «MF». Kvifor provoserer to ultralydbilete så sterkt?

34 tidlegare og noverande MF- studentar vart nyleg djupt provoserte av ultralydbileta som vart brukte som illustrasjon i samband med temaet «Etikk fra vugge til grav». I eit innlegg i her i avisa (16/12) hevder dei at bileta representerer eit «problematisk julebudskap». Innsendarane let i første rekke til å reagera på implikasjonane av bileta; det eine eit ordinært ultralydbilete, det andre eit kunstuttrykk frå ein britisk bussannonse-kampanje frå 2010. MF-studentane reagerer på at «spørsmålet om abort knyttes sammen med inkarnasjonen på en måte som kobler Kristi komme til verden sammen med tanken om at menneskelivet er hellig», og dei gjer biletbruken til døme på «polemikk» og «forenkling».

Dette er det verdt å stansa ved. Når berre det å visa bilete av den eine parten i ei sak vert ein provokasjon, seier det mykje om kor smal denne samtalen er. Det er heller ikkje lett å skjøna at det skulle vera ei forenkling å knyta saman inkarnasjonen, det at Gud vart menneske, med fosterets menneskeverd. Tvert om kan dette tolkast som vilje til å nærma seg ein kolossal kompleksitet.

Sofie Braut

Kunst som løftar fram andre perspektiv

Biletet som innsendarane først og fremst reagerer på, er eit ultralydbilete av eit foster med glorie og påskrifta «He’s on His way». Det figurerte for nokre år sidan i ein stor, tverrkyrkjeleg annonsekampanje i Storbritannia. Mannen bak kampanjen, Francis Goodwin, seier at han med biletet tek utgangspunkt i vår moderne måte å involvera andre i gleda over ein ny verdsborgar. «Posteren vår reflekterer denne nye måten å fortelja nyhenda om den som skal koma, og plasserer Kristi fødsel i ein ultramoderne kontekst», sa Goodwin då kampanjen vart lansert. Eit kunstuttrykk, altså, som utfordrar tanken og løftar fram andre perspektiv. Som uroar oss, slik god kunst skal.

Dersom det er upassande å snakka om fosteret i advent, skulle eg gjerne visst når det passa.

—  Sofie Braut

MF-debatten syner at slik kunst også kan reduserast til problematisk og utidig polemikk, eit bilete på «religiøs makt og usynliggjøring av kvinnen oppi det hele», slik innsendarane av det nemnde innlegget uttrykkjer det. Men kven og kva er det eigentleg som blir usynleggjort her, dersom vi ikkje tåler å stillast overfor og grunna over eit slikt bilete no like oppunder jul?

Når passar det, om ikkje i advent?

Debatten reiser også spørsmålet «om adventstiden er et egnet tidspunkt for å markere abortsyn». Kairos, altså kva som er eigna tidspunkt for ei ytring, er eit vesentleg moment i all retorikk. Difor er dette eit svært relevant spørsmål her. Mange vil nok likevel koma til ein heilt annan konklusjon enn kritikarane av biletbruken i denne saka. Ønskjer ein først å seia noko om det ufødde livet, må jo advent vera eit svært velvalt tidspunkt. Her lever vi oss inn i den gravide Marias strabasar og forventingar. I tida før barnet vert lagt i krybba, ligg det skjult i Maria. Alt i hennar livmor, var han livet sjølv, himmelkongen, den heile historia venta på. Dersom det er upassande å snakka om fosteret i advent, skulle eg gjerne visst når det passa.

MF

Ei heilt nødvendig uro

Ultralydbilete er ikoniske. Vordande foreldre festar dei på kjøleskapet, og alle gjenkjenner omgåande det gåtefulle omrisset av ein ny verdborgar. Det overdimensjonerte hovudet og resten av den vektlause astronauten, som frå ein annan galakse, berre veldig nær. Biletet kan fylla oss med ærefrykt over det løyndomsfulle livet; den rare kombinasjonen av kvardag og noko guddommeleg. Det løfter fosteret fram frå eit skjult, og i vår kultur, tvitydig tilvere.

Det er komplisert for eit samfunn som ikkje garanterer fosteret grunnleggande menneskerettar å bli stilt overfor eit slikt bilete. Intuitivt vaklar våre uklare kriterium for kven som har rett til å leva: Kor mange veker ein har levd? Storleik? Om ein er ønskja av andre menneske? Uroa knytt til denne saka, særleg frå abortlova kom 1. januar 1979 er faktisk noko vi som samfunn ikkje skal fortrenga. Det er ei heilt nødvendig uro. Som samfunn bør vi ikkje skjermast frå slik kollektiv uro, men øva på å gi rom for henne. Jula blir altfor ofte ei tid med rikeleg rom for glitter og stas, forbruk og fjas. Der nokon i staden opnar opp det potensialet som ligg i juleforteljinga til å skapa ærefrykt og rom for livet, bør vi lytta nøye.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt