Verdidebatt

Partia klarar ikkje å representere folket

DEMOKRATI: Kvifor stemmer vi fram folk med høgare utdanning til å representere industriarbeidarar, reinhaldarar og bønder?

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Tendensen skrik mot deg viss du tek ein kikk på listeframlegga til Stortinget for dei fleste parti: For å hamne på toppen av ei stortingsliste bør du helst ha høgare utdanning. Det ser nærast ut som eit slags stille krav i partiprosessane. Andre bakgrunnar er nesten heilt fråverande.

Mange politikarar er dei siste åra blitt flinke til å snakke om yrkesfag, men felles for dei fleste politikarar som skriv fine kronikkar om «å heve statusen på yrkesfag», er at dei sjølv har bakgrunn frå høgare utdanning.

Ja, du finn folk med andre bakgrunnar enn høgskule og universitet litt lenger nede på listene. I nokre av partia er det også eit par unntak blant dei som er innstilt på topp tre, men i realiteten er det eit slags høgare utdanningstyranni som rår.

Ein slags blind flekk

34,6 prosent av folket har utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Likevel er denne gruppa nesten einerådande på toppen av stortingslistene i Vestland. Det vil overraske meg stort viss tendensen ikkje er den same i resten av landet.

Partia er elles særs nøye med å sikre balanse mellom kjønn, geografi, alder og alt mogleg anna på toppen av listene sine. Fordi dei er opptekne av at kandidatane skal representere folk der ute. Det ser berre ut til at dette med utdanning og yrkesbakgrunn er ein slags blind flekk når partia nominerer sine håpefulle toppkandidatar.

Då eg skreiv denne teksten undersøkte eg litt på toppen av listene i mitt nye heimfylke Vestland, og måtte leite med lys og lupe etter andre bakgrunnar enn all slags høgskular og universitet. Ein finn riktig nok ein del halvstuderte røvarar, men også desse røvarane styrkar tendensen: Vil du på Stortinget bør du helst ha høgare utdanning.

Har det rett og slett blitt sånn at dei som tar høgare utdanning ser på seg sjølv som litt smartare, klokare og meir tolerante enn dei «utan høgare utdanning»?

—  Emil André Erstad

Som om dei manglar noko

Kvifor er det slik? Eg trur det handlar om perspektivet. Når vi snakkar om folk som har annan bakgrunn, for eksempel fagutdanning eller handtverkarar i politikkens sfære, omtalar vi dei ofte som folk utan høgare utdanning. Som om dei manglar noko dei burde hatt.

Politikken er gjerne fokusert inn mot desse med høgare utdanning – og kanskje er det her vi finn utdanningstyranniet – ved at ein legg vekt på sterkt teoretiske ferdigheiter som skriving, talekunst og talforståing.

Filosofi-professoren ved Harvard, Michael J. Sandel, tar for seg heile problematikken i boka Tyranny of Merit. Han skriv med kritisk blikk på utdanningsrevolusjonen som har feia over samfunna våre dei siste tiåra. Har det rett og slett blitt sånn at dei som tar høgare utdanning ser på seg sjølv som litt smartare, klokare og meir tolerante enn dei «utan høgare utdanning»?

Eg kjenner i alle fall det er vondt å stille seg spørsmålet, og reknar med fleire kjenner det same.

For høge forventningar?

Sandel kallar dette for eit arveleg aristokrati – at dei med høg utdanning berre gir respekt og anerkjenning til andre med høg utdanning. Vi vil helst ha folk rundt oss som liknar oss sjølv. Det er ikkje så rart at det gjeld i dei politiske partia òg, men det er skummelt.

Det at vi manglar toppolitikarar i Norge med bakgrunn som bønder, reinhaldarar og industriarbeidarar, heng nok saman med dette dominerande synet på utdanning. Vi fortel borna våre allereie då dei er små at dei «kan bli kva dei vil» og at dei kan «nå måla sine». Draumen er neppe å vaske ein skule kvar ettermiddag. Kanskje spenner vi forventningane til sjølve livet og samfunnet for høgt.

Fleire rue arbeidsnevar

Det fine med å ha eit representativt demokrati, slik vi har i Norge, er at folk kan stemme på folk som dei opplever å representere interessene deira. Det som skjer når folk ikkje lenger opplever det, er skumle saker. Donald Trump bygde mykje av sin valkamp i 2016 på å nå ut til dei som ikkje kjende seg representert i Washington D.C. «Eg elskar dei med lågare utdanning», sa han – sjølv om han var blant dei dårlegast kvalifiserte til å sette seg i deira posisjon.

Norge har mange vaksinar mot Trump, men vi kan kanskje bruke det politiske systemet vårt til å få folk til å kjenne seg representert på ein betre måte enn i dag.

Gratis forslag til partia: Litt færre halvferdige gradar i samanliknande politikk på listene, og litt fleire rue arbeidsnevar.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt