MORIA. Dei siste vekene har eg vore saman med nokon av dei gutane og mennene som verda ikkje vil ha, og eg skjønar godt kvifor foreldrene deira saknar dei intenst og elskar dei høgt.
GUTAR FRÅ AFGHANISTAN: Liv Karin Dahlstrøm kom nettopp heim frå Moria etter å ha arbeida der i tre veker. Ho brukte masse tid på området for unge, enslige gutar og menn. «Me trenger å sjå at det er mennesker som sit i flyktningleirene - det er lett å gløyme», meiner Dahlstrøm.Liv Karin Dahlstrøm (CUSTOM_CREDIT)
Liv Karin Dahlstrøm, frivillig hjelpearbeider og regissør
Afghanistan ligger på bunnen når det kjem til fred og frihet, difor flykter mange. Dei flykter fordi dei vil ha eit trygt og godt liv, akkurat slik som du og eg vil. Akkurat slik som alle mennesker me kjenner ynskjer seg.
Dagane i (nye) Moria går i hovedtrekk ut på å vente på svar. På svar frå Europa om korleis livet skal fortsette, og om du er verdig ein plass «i det gode selskap». Ingen veit kortid svaret kjem, og kva svaret blir. Dagar blir til måneder og måneder til år. Ventetid uten tidsfrist og dato tærer på, og kjensla av at livet ditt ikkje betyr noko blir til tider sterk. Med denne kjensla, og med saknet til familie og trygghet i magen må dagane i Moria-leiren likevel leves.
Annonse
Liv Karin Dahlstrøm, frivillig hjelpearbeider og regissør.Privat
Alt me har snakka om
Eg har vore saman med mange av dei afghanske gutane i Moria kvar dag dei siste vekene. Me har blant anna spelt masse fotball og volleyball. Innimellom pausene snakka me om krig og fred, om saknet til familien, om alt som gjekk galt - om alt dei håpar skal gå bra, om favoritt-fotballlag, om musikk, mat, om studier dei ynskjer å ta, om yrket dei allereie er utdanna til, om fedre som har blitt drept, om mødrene som ville ha dødd for deira sikkerhet, om redselen for å sjølv døy, om draumen om å vera fri og kunne gå utenfor piggtrådgjerdet uten tillatelse.
Me har snakka det siste bilete dei posta på Instagram, om kva hårfrisyre ein ynskjer seg og om å ha vore aleine på flukt siden ein var 14 år
Liv Karin Dahlstrøm
Me har snakka det siste bilete dei posta på Instagram, om kva hårfrisyre ein ynskjer seg og kva ein skulle ha kjøpt i gåve til ho ein er forelska i viss ein hadde hatt moglegheiten, om mobilspel dei likar å spele, om afghanske kjendiser, om å ha vore aleine på flukt siden ein var 14 år, om at ein føler seg lite verdt i livet og at kanskje ingen eigentleg bryr seg om kva som skjer med seg. Om at ein ynskjer å leve ut potensialet sitt, og ha verdi.
OMID: 24 år og flyktning frå Afghanistan, men fyrst og fremst menneske. Han er ein diplomatisk ung mann og tar alltid ansvar for at alle som vil bli med blir inkludert. Ein dag mens me spelte volleyball ringte plutseleg faren hans og fortalte at onkelen og kusina til Omid er blitt drept av ei bombe. Omid forsvinner bort frå ballspelet, og vert sittande lenge på telefon med mor og far som gråter på ei dårleg linje frå Afghanistan. No, mens eg sitter her å skriver om Omid tikkar det inn ei melding frå han der han skriver «I hope someone will take us out of this hell and make life safer.»Omid er muslim og han ber kvar dag om at livet hans skal endre seg. Trua hans er personleg og han bryr seg ikkje om kva andre trur på, han har stor respekt for andre si tru uansett kva religion det er. «I need God in my life, but it’s a personal choice». Når Omid har tunge tankar setter han seg å ser utover havet. Han tar på seg headsettet å høyrer på musikk. «I listen to happy music because the situation is so hard». Omid er utruleg rettferdig og ein slik person ein vert trygg av å ha rundt seg. Han tar ansvar for tenåringene og barna rundt seg og klarar alltid roe ned folk som er frustrerte eller oppgitt over ulike utfordringer rundt livet i ein flyktningleir. «I just want to have one day where I can relax about my life and future».Liv Karin Dahlstrøm
Å hjelpe innenfor piggtrådgjerdet
Politikerne våre har vore på fleire obligatoriske turer til diverse flyktningleirer. Til tross for dette står dei fortsatt fast på at det beste er å hjelpe dei der dei er, innenfor piggtrådgjerdet, som kriminelle og farlege rovdyr. Men det er ikkje nok å spasere gjennom ein flyktningeleir på sightseeing frå eit anna land, for så å trygt kunne forlate leiren og fly heim til sitt trygge liv. Det alle med makt over flyktninger sine liv burde oppleve er menneska. For det er fyrst når ein i møte med andre folk opplever at dei er akkurat som deg sjølv, at du klarar ta innover deg uretten og håplausheten. Dette er klisjeen, men den er sann.
AMIN: 17 år, frå Afghanistan. Han er flyktning, men fyrst og fremst menneske.Han har vore på Lesvos i over eitt år. Kvar morgon stiller han seg i kø ved utgangen til leiren og møter opp på kleslageret til organisasjonen «The Hope Project». Her bruker han dagene sine på å dele ut kleder, sko og tepper til andre mennesker i naud. I media beskrives ofte dei afghanske tenåringsgutane som lykkejegere som burde dra tilbake til landet sitt, og også som farlege krigere frå ein anna kultur. Men Amin vil ikkje i militæret, han vil ikkje bære våpen eller drepe andre mennesker. Han vil leve i fred, og ha eit trygt liv. Så på den måten kan ein godt kalle han ein jeger etter lykke, slik som meg, og deg, og oss alle. Amin er mild og roleg. Han setter alltid på amerikansk eller afghansk pop-musikk på kleslageret og synger mens hans leiter fram kleder.Liv Karin Dahlstrøm
Fyrst og fremst mennesker
Annonse
Media peiker på ulikheter og problemer. Dei burde samtidig skrive om dei heilt vanlige kvardagsmenneska som tilfeldigvis vart født i eit land eller ein situasjon som truer dei på flukt - og som i tillegg dag etter dag sitter i ein flyktningeleir med piggtrådgjerde rundt, og venter, og venter, og venter. Venter på å få beskjed om at dei får ein sjanse til eit verdig liv,
Som oss. I makta og hendene til nokon mennesker som tilfeldigvis vart født i eit godt land, og ein anna situasjon og fekk jobben med å bestemme menneskeskjebner.
Flyktningane er ikkje bare ei gruppe, noko landet våres kan kalle ein byrde. Bak ordet «flyktningar» er det millioner av ulike unike mennesker. Som deg, som barnet ditt, som foreldrene dine.
Dei er flyktningar i ein ubeskriveleg vanskeleg livssituasjon. Men fyrst og fremst er dei mennesker
ASGHAN «JAN-JAN»: Flyktning frå Afghanistan, men fyrst og fremst menneske.«Jan-Jan» fylte 18 år 18. november, så då vart han feira med kake inne i eit av telta mens vinden ulte utenfor i leiren. Han vart så overlykkeleg og takksam for sjokoladekaka han fekk at han åt to store stykker før han seinare innrømte at han ikkje likar sjokolade. På tirsdag inviterte «Jan-Jan» og nokon av venene hans oss inn på lunsj i teltet som ti afghanske gutar deler. Teltet er ikkje stort for ti gutar, så her ligger dei verkeleg tett i tett med null privatliv. Dei hadde rydda bort tepper og puter og lagt ein duk på gulvet. To av gutane hadde tilberedt ein klassisk afghansk rett med ris, nøtter, rosiner og kylling, ved siden av var det yoghurt og salsa. Mødrene deira pleide alltid laga dette oppover oppveksten deira. Etter måltidet gjekk «Jan-Jan» ut av teltet for å ringe mora si, han ville fortelje om at dei hadde laga afghansk mat til gjestene sine. Eg spurte han om samtalen, og om mora vart glad for å høyre om middagen. Augene hans fyltes umiddelbart med tårer og han sa «You know my friend, everybody loves their mother very much, and I miss her so much every day». «JanJan» er ein veldig open og personleg gut, som deler det han føler. Det er ikkje sjelden det plutseleg triller tårer nedover det ellers sterke og smilande andlete hans. Tenåringer som bur saman med foreldrene sine til vanleg vil gjerne vera litt i fred frå dei, men Ashgan har det heilt motsatt. Han er eit stort barn som saknar kjærleiken frå mora si så mykje at han innimellom kan få kjensla av å gå i oppløysning.Han knytter seg fort til folk rundt seg og seier at han må finne ein familie her når han ikkje har familien sin med seg. Tross masse bekymringer bruker han overskuddet sitt til å spre varme og godt humør. Eg skjønar godt kvifor mora og faren elskar han så høgt, saknar han og er stolte over han.Liv Karin Dahlstrøm
Liv Karin Dahlstrøm, frivillig hjelpearbeider og regissør