Verdidebatt

Kristne bør ha verkelegheitsnær debatt om seksualitet

Kristne kranglar om seksualetikk - og kva gjer ungdommen? Dei vender seg andre stadar for råd.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Therese Utgård

Lege og innvald for Åpen folkekirke

Den siste tida har Kristen-Norge debattert førekteskapeleg sex. Etter at prest Gisle Sørhus meinte unge kanskje kunne vere sambuarar før ekteskapet, kom motsvara om at ugifte bør vente med samleie.

At kristne kranglar om seksualetikk, er ikkje nytt. Tvert om er det kanskje dét folk ventar at kristne gjer. Og kampen står diverre framleis om sex før ekteskapet. Sidan eg jobbar med seksuell helse, synes eg det er bra at seksualitet blir snakka om! Det er berre så trist å sjå dei føreseielege spora debatten går i.

Unge har faktisk sex

Gjennomsnittleg seksuell debutalder i Norge er ca 17,5 år. Gjennomsnittleg alder for første ekteskap er rundt 34 år. Då seier det seg sjølv at mange ikkje har følgt råda om å vente. Her gjer kyrkja og kristne miljø seg ganske urelevant for dei unge.

Mange kristne har allergi mot ordkombinasjonen «kyrkje» og «relevant». Eg er samd med dei som meiner at kristne må få ha eigne verdiar, uavhengig av samfunnstrenden. Vi treng kristendommen som ein motkultur. Men at kristne miljø blir så fiksert på sex før ekteskapet, får negative følgjer. For medan kristne kranglar offentleg om ugifte kan ha sex, har ungdommen alt sex. Råda verkar i utakt med kvardagen til dei unge - og dei vender seg andre stader.

LES OGSÅ: Mener sex før ekteskap er et syn som er vanlig i Dnk og blant TF-studenter

Kyrkja bør utnytta moglegheiter

Vi veit at mange unge bruker internett, influencere og porno for svar. Men på nettet florerer dårlege råd, og pornoen viser urealistiske kroppar og sexliv.

Eg meiner at kyrkja og andre kristne miljø som har så mange unge innom dørene sine, bør utnytte moglegheita til å samtale betre med ungdommen. I staden for å fortelje at det er synd med sex før ekteskapet, kunne ein ha teke opp mykje meir presserande problem: nakenbilete, kroppspress, prestasjonspress, manglande likestilling, overgrep og krenkande adferd. I alle desse spørsmåla kunne ein ha nytta både kristne verdiar og bibelforteljingar til å seie mykje viktig og meiningsfylt om grenser, kropp og respekt.

Lite konstruktivt å be folk om å vente

I staden blir fokuset til kristne «vent», og «synd». Det verkar som om uansett kva spørsmålet er («har du tatt nakenbilete?», «er du uønska gravid?», «er du bekymra for ein kjønssjukdom?»), så er svaret: «Du skulle uansett ha venta.» Det er lite konstruktivt.

Kristendommen sitt syn på menneskeverd, på seksualitet, på kropp, inneber mykje meir enn rådet om å vente. Og mange spørsmål om kropp og grenser eksisterer uavhengig av om unge har sex eller ikkje. Men om du spør dei unge, er eg sikker på at det dei får med seg at kristne meiner i det offentlege rom, er dette: vi er mot sex før ekteskapet. Dét er rådet som får absolutt mest merksemd. Berre så dumt då, at det ungdom slit med, er mykje vanskelegare spørsmål enn førekteskapeleg sex.

Ganske synd

Det er på tide at kristne tek inn over seg dette - slik at vi får henge med i samtalen igjen. For no blir kristine miljø i stor grad utelatne frå dei viktige samtalane. Det er dét som er synd.

LES MEIR:

Sofie Braut: Om Bibelen er irrelevant for sex og samliv, endar vi med konturlause «kristne verdiar»

Familieterapeut: «Bibelen er ingen god veileder for sex»

«Kirken kan peke på en mye større visjon for seksualiteten enn det Gisle Sørhus gjør»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt