Verdidebatt

Framtida ligg ikkje berre hjå alfahannane på bygda

Mennene på bygda vil at kvinnene skal kome heim frå storbyen. Då må dei innsjå at framtida ikkje berre ligg hjå alfahannane. Skal distrikts-Noreg bløme i framtida, må vi våge å utfordre oss sjølve på likestilling.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alfred Bjørlo

Ordførar i Stad kommune (V)

«Men livmora mi får du aldri» er tittelen på ein fabelaktig tekst skriven av Maria Dyrhol Sandvik tilbake i 2015 (Morgenbladet). Ein tekst eg aldri har klart å legge frå meg.

Temaet er det som har blitt kalla «utkantjentenes stille revolusjon»: Bygdejenter som flyttar til storbyen for å ta utdanning, og kvifor så mange av dei vel å bli verande der. Medan mannlege næringssjefar og politikarar på bygda vil at dei skal kome heim – for å «pynte på fødselsstatistikken».

For kvifor kjem ikkje kvinnene tilbake til Bygde-Noreg – her vi har det så bra?

Kjerringkultur på bygda

Maria Dyrhol Sandvik sitt hovudpoeng er at vi må slutte om å snakke om at kvinnene skal kome for å «berge bygda» – for å føde ungar og rette opp kjønnsbalansen. Og at då handlar det ikkje først og fremst (i alle fall ikkje berre) om flyplass, vegar og breiband – men om haldningar. Om lokalsamfunn der menn set premissane og styrer kva som er viktig – men også om haldningar blant kvinner i dei eldre generasjonane. Ho brukar omgrepet «kjerringkultur» – dei godt vaksne kvinnene som står last og brast med menn som til dømes Trond Giske og er skeptiske til motiva til unge kvinner som er modige nok til å gjere opprør mot ein innarbeidd kultur i ein organisasjon eller eit lokalsamfunn.

Eg må berre seie at eg er ufatteleg imponert over desse unge AUF-jentene i Trøndelag. Alle som no harselerer over dei i kommentarfelta på Facebook, burde prøve å bruke fem minutt på å forstå kor langt inne det sit å gjere det desse jentene no har gjort og kor mykje dei har risikert. Og framleis risikerer.

LES OGSÅ: Marianne Marthinsen var ein del av gullrekka i Ap. Intrigar i kjølvatnet av Giske-saka dytta henne ut av politikken

Strukturane på bygda må endrast

Maria Dyrhol Sandvik skriv godt om korleis ein på lokalt nivå ofte ikkje klarer å setje reell, «djup» likestilling på dagsorden, sjølv om ein prøver. Om sjølvforsterkande sirklar, der ein ut frå gode hensikter vil at folk med lang røynsle skal styre – altså stort sett menn. Om ting som ikkje kan løysast med ein knips eller med enkeltståande vedtak, men ved eit seigt, langvarig arbeid med å endre forståinga av kvifor likestilling er viktig.

Om å forstå kvifor ein gammal «mannskultur» i ei distriktskommune som alt anna må fornyast og endrast. Korleis strukturane må endrast slik at unge kvinner ikkje berre er «pynt» og eit hendig verkemiddel for å skape vekst på bygda – som kan setjast til side når dei mannfolka i toppen av politikk og næringsliv i ein distriktskommune eller ein provinsby har snakka saman.

I Stad kommune tok kvinner grep

Noko av det eg er mest stolt av i jobben vi har gjort dei siste åra med å rigge nye Stad kommune, er at eg trur vi har klart å ta likestillingsperspektivet på alvor. Eg seier TRUR – fordi det strengt tatt ikkje er opp til meg som middelaldrande mann å døme – men eg tillèt meg likevel å prøve å seie nokre ord om temaet.

Vi har på vegen mot nye Stad kommune hatt tydelege, sterke kvinnelege leiarar og premissleverandørar i samanslåingsprosessen i kommuneadministrasjonen (og hovudtillitsvalde). Det politiske miljøet i Eid og Selje sette likestilling øvst på dagsorden inn mot det første felles lokalvalet i 2019. (For ordens skuld: Eg skal ikkje skryte på meg æra for likestillingsløftet i lokalvalkampen i Stad. Her var det kvinner i fleire parti som snakka saman og tok grep, med noverande varaordførar Siri Sandvik i spissen.)

Resultatet er at vi no har eit likestilt kommunestyre med balanse mellom kvinner og menn. Ikkje berre for kommunestyret samla, men også for kvart einaste eitt av dei sju partia. Og lik kjønnsfordeling av leiarverv i politiske utval.

Alfahannane må tre til side

No har vi ein smartare plan forankra i ei ny tids forsking og oppdatert kunnskap om samfunnsutvikling. Ikkje så mykje hardcore asfalt og industri – men meir vekt på kvardagskvalitetane i bygdesamfunna, og eit blikk for nettopp det Maria Dyrhol Sandvik etterlyser: Ei ekte interesse for folk som FOLK – ikkje berre som «barneprodusentar» for å berge bygda. Planen er laga av eit ekstremt kompetent lag stort sett beståande av kvinner – alle 100 prosent dedikerte og nokre av dei skarpaste hovuda eg har arbeidd saman med. Eg veit det, for eg har brynt meg på dei.

Alt dette er vel og bra. Og alle vil i prinsippet vere samde i at det er bra med fleire kvinner i leiande samfunnsposisjonar. Men det krev noko som er heilt oppsiktsvekkande vanskeleg: At menn i etablerte posisjonar av og til må velje å «tre til side» – ikkje sjå seg sjølv som det sjølvsagde sentrum i verda, og klare å sjå seg sjølv utanfrå. Uansett om du er leiarkandidat i Trøndelag Arbeidarparti, sokneprest i Sogn eller mannleg ordførar i ei distriktskommune.

LES OGSÅ: Domprost Stig Lægdene: «Den norske kirke legitimerer kvinnediskriminering»

Historia om eit uheldig foto

Og då kjem vi omsider til historia om fotoet i saka. Rett før sommaren fekk eg til gjennomsyn eit infomagasin Stad kommune skulle sende ut til alle husstandar om den nye Samfunnsplanen vår. Då melde eg tilbake til ho som laga magasinet at eg ikkje likte bildet så godt, og lurte på om ho kunne bruke eit anna. Då ho spurde kvifor, var eg nok litt vel ærleg i svaret: Eg hadde ikkje lyst å sjå ut som ein litt rufsete, sjuskete kledd halvfeit tusseladd heilt ute på sida av ein gjeng fokuserte og skarpe damer som dominerte bildet.

Heldigvis fekk eg eit like ærleg svar rett tilbake i trynet – som skal bli mellom henne og meg. Og null gjennomslag.

Menn har stått i vegen for gode kvinner

Skal distrikts-Noreg bløme i framtida, må vi våge å utfordre oss sjølve sterkare på likestilling. Vi må forstå at framtida ikkje berre ligg hjå alfahannane som tek plass i rommet og «må no få lov å vere seg sjølv, for dei er jo så flinke» – uansett korleis dei blir opplevd av neste generasjon kvinner. Bruduljen i Trøndelag Ap bør vere ein god inngang for ein ærleg debatt i mange organisasjonar, partilag og lokalsamfunn rundt om i heile Noreg. Gjerne saman med Maria Dyrhol Sandvik sin kloke tekst frå 2015.

Eg har ikkje tenkt å bli skylt ut med badevatnet heilt enno. Det er kjekt å henge med ei stund til, og vi treng mannlege sjefar for å oppretthalde balansen. Men eg merkar at eg får stadig lågare skuldrer. Kyrkjegarden er full av uerstattelege menn – og kvinner som aldri har fått høve til å leve ut sitt potensial fordi ein mann stod i vegen.

Som dei gamle romarane sa til krigsheltane etter eit vunne slag: Memento mori – hugs at du skal døy. Og leve livet deretter.

Denne kronikken vart først publisert på Facebook.

LES MER:

Gyrid Gunnes: «Ingen kirke kommer til å feire det, men det er verdt en takkegudstjeneste at p-pillen er 60 år»

«Grunnen til at vi har landet på et nei til kvinners prestetjeneste har dyptgående årsaker»

Arild Grande fremmer bekymringsmelding om ukultur i Trøndelag Ap

---

Fakta:

---

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt