Verdidebatt

Sæle er dei som skaper fred

Vår tale bør vere fred, fred og nei, nei til atomvåpen! Nei. Utropstegn! Ferdig snakka.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kari Veiteberg

Oslo biskop

Torsdag 6. august er det 75 år sidan den første atombomba blei sleppt over eit stort, bebygd områdei Hiroshima. I ein augneblink blei 60.000 menneske drepne.

Tre dagar seinare detonerte ei ny bombe, no over Nagasaki. Dei to japanske storbyane blei lagt i ruinar, over 210.000 menneske døydde før året var omme og mange blei varig stråleskada. Kvart av desse menneska har eit namn, og det som forpliktar oss, er det Setsuko Thurlow, ei av Hiroshimas overlevande sa for tre år sidan då ICAN (the International Campaign to Abolish Nuclear Weapons) mottok fredsprisen: «La oss forsikre oss om at de ikke døde forgjeves».

«Humanity and nuclear weapons cannot coexist» sa ho. Det er sant!

LES OGSÅ: Pave Frans i Hiroshima og Nagasaki: Atomvåpen er umoralsk

Kyrkja mot atomvåpen

Bomba over Hiroshima markerer byrjinga på atomkappløpet mellom supermaktene. Frykta for at andre makter skulle bruke atomvåpen låg bak opprustingane på 1950 og 60-talet. Noko som fekk Bispemøtet i Den norske kyrkja i 1956 til å vende seg til regjeringa: «Må dere bidra til å få stanset eksperimentene med disse våpen.» To år seinare uttalte Bispemøtet at «det blir mer og mer påtrengende å få stanset denne produksjonen og få rustningene under kontroll.»

I juli 2014 vedtok Verdskyrkjerådet (KV) som samlar 550 millionar kristne, ei erklæring som oppmodar alle medlemmene til å jobbe for eit forbod mot atomvåpen: «Atomvåpen er uforenlig med ekte fred. De påfører ubeskrivelige lidelser gjennom trykkbølge, varme og stråling. De utløser ødeleggelser som ikke er begrenset i tid eller utstrekning. Deres stryke er grenseløs og deres effekter kan ikke sammelignes med noe annet. Så lenge atomvåpen eksisterer, utgjør de en trussel mot menneskeheten.»

Allereie på den første generalforsamlinga i 1948, fordømde KV bruk av atomvåpen som synd mot Gud og menneske.

Nei. Ferdig snakka

Atomvåpen og atomkraft er på dødens side. Dei spreier sjukdom, frykt og liding rundt i heile verda. Som kyrkjeleiar vil eg følgje vegen mot rettferd og fred. Eg har ikkje svar på alle spørsmål, men i dag gjeld det å samle alle menneske som no er viljuge til å gå saman på fredens og rettferdas veg.

Jesus seier i i Bergpreika: «La eit ja vere ja og eit nei vere nei!» Når det er fare for utrydding av alt liv på jorda, er det «nei» som gjeld.

Jesus møter vennene sine med å ønske fred. Det gjer vi også i kvar gudsteneste. Vår tale bør vere fred, fred og nei, nei til atomvåpen! Nei. Utropstegn! Ferdig snakka.

Fred.

LES MER:

Usikker skjebne for den siste atomavtalen

«Norge bør investere i atomkraft, men så lenge det er et fyord blir det ikke satset»

Geir Ove Fonn: «At Ap sa ja og Norge gikk inn i Nato, skulle for alltid endre norsk politikk»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt