Tidlegare i år gjekk det ein engasjerande debatt mellom Ottosen og Moxnes. «Espen Ottosen er ikke bibeltro», skreiv sistnemnde. Svaret let ikkje vente på seg. Same dagen gjekk Ottosen til tastaturet for å skriva eit nytt innlegg kor han skulda den pensjonerte teologen for å ta feil: «Jeg tror Moxnes tar feil om hva Bibelens tekster».
Etter fleire debattinnlegg frå begge to og fleire til, var det ingen som sa seg einige.
Høyr podkasten her:
Er homofili synd?
Moxnes har vore professor i teologi ved Universitetet i Oslo sidan 1984, og har via heile yrkeslivet sitt til å tolke Det nye testamentet. Han er sjølv homofil, og har vore sentral i arbeidet med å gjere Den norske kyrkja til ei av verdas mest homovenlege kyrkjer.
Espen Ottosen er også oppteken av homofili. Han har gitt ut to bøker om emnet og let sjeldan sjansen til å argumentere for at homoseksualitet er synd gå ifrå seg.
I Ottosens siste bok, En annerledes vei, får vi høyre historiene til homofile personar som vel å avstå frå å leve ut legninga si. Boka fekk kritikk for å gjere det vanskelegare for kristne homofile, men også lovord for å gje ei stemme til ein minoritet i minoriteten.
Begge vil ha Bibelen på si side
Trass i at dei har heilt motsette meiningar i homofilispørsmålet, hevdar både Moxnes og Ottosen at dei har Bibelen på si side. Korleis det er mogleg, kan du høyre i andre episode av Verdiduellen.
LES MEIR AV DEBATTEN MELLOM MOXNES OG OTTOSEN:
• Moxnes: «I en rett lesning av Bibelen er LHBT-personer likeverdige»
• MF-lektor: «Både Moxnes og Ottosen er bibeltru»
• BOKMELDING: «Psykologiseringen over homofiles legning slår meg som dypt umoralsk»
---
Fakta:
---