Verdidebatt

For mykje vert ståande usagt, Nordhaug

Nordhaugs framstilling av vegen til frelse er litt som om Turistforeininga i staden for eit ordentleg kart gir meg eit handteikna kart som ein fjellvant har skissa opp fritt etter minnet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sofie Braut

Lektor

Er det håp om frelse for alle? Spørsmålet er ikkje nytt, men har nyleg blitt aktualisert av Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug over atskilleg spalteplass. Boka hans «Hva med de andre?» adresserer nettopp dette utfordrande spørsmålet, og når han no gir oss nokre smakebitar på innhaldet, er det tydeleg at biskopen sin posisjon er i endring. Det er neppe utan grunn biskop emeritus Tor B. Jørgensen, som i ei årrekkje har vore ein ivrig forsvarar av universalisme, eller læra om frelse for alle, godmodig ønskjer Nordhaug «velkommen etter» (VL 11/5).

Nordhaugs «nye» posisjon er ikkje klart nok formulert til heilt å imøtegå han, men refleksjonane hans skaper undring. Ikkje så mykje på grunn av det han seier, men kanskje meir på grunn av at det vesentlege som vert ståande usagt.

Indirekte argumentasjon om veien til frelse

Først litt om den indirekte argumentasjonen hos Nordhaug. I Vårt Land den 9. mai seier biskopen mellom anna: «Dersom livets to utganger blir noe vi med stor letthet hevder som bevis for vår bibeltroskap, vil vi gi våre tilhørere (og også oss selv) store problemer med gudsbildet og troen på en kjærlig Gud.» Her er implikasjonen at læra om livets to utgangar er «lett» å hevda, og vidare at det å halda seg til den overleverte læra skulle vera noko som ikkje eigentleg krev gjennomtenking, men som tvert i mot dreier seg om å bevisa eigen posisjon.

Det same er den underliggande tanken, som alt har fått sterkt fotfeste i vår kultur, at det er ein nærast nødvendig motsetnad mellom ein Gud som dømer og ein Gud som elskar. Nordhaug balanserer tankane her, og hovudbodskapen er naturleg nok at her skal vi vera varsame med å konkludera. Biskopen manar til å «veie våre ord», og er oppteken av å ta vare på «…spenningene og avveiningene, alt det ukjente og ikke minst det store alvoret...». Igjen ser vi konturane av ein indirekte argumentasjon: det å halda fram ein teologi der livets to utgangar utgjer det alvorlege bakteppet vert dermed å ikkje vega orda tilstrekkeleg, og kanskje vil det vera problematisk å seia at Bibelen faktisk ikkje lar oss bli verande i uvissa i dette spørsmålet?

LES OGSÅ: Sjaastad kritisk til Nordhaug: Bibelens klare ord knytter frelsen ene og alene til tro på Jesus

Ein undrande biskop overmanna av filantropi

Nordhaug landar altså svært tentativt og varsamt, og mange av refleksjonane hans er forankra og formulerte på ein måte som truleg skaper gjenkjenning for både lek og lærd. Trass i dette er det som om heile dette teologiske refleksjonsarbeidet manglar noko vesentleg. Det vert særleg tydeleg i sluttsatsen i Verdidebatt-innlegget hans som er både vakker og problematisk. «Det vi kan gjøre er ikke å finne løsningen», resonnerer biskopen, «men å forkynne evangeliet samtidig som vi ber om at alle skal bli frelst. Hvis Gud hører den bønnen, kan vel ingen ha noe å innvende mot det?» Her er det ein undrande biskop som overmanna av filantropi legg frå seg alt av rettleiing og hyrdestav og blir med oss inn i uvissa. Underforstått: det er ingen som veit med Gud.

Typisk postmoderne haldning

Dermed vert alternativet fort såkalla «imperious ignorance», ei slags nødvendig, nærast belærande kunnskapsløyse, som ein ser oftare og oftare med krevjande åndelege spørsmål. Det passar som hand i hanske med ei postmoderne haldning, som gjerne overgir all sanning til det subjektive, og der den underforståtte premissen er at det er arrogant å appellera til objektiv sanning.

Problemet er ikkje bøna om frelse for alle. Det er ei bøn alle kristne bør be. Problemet er at heile analysen vik unna å ta utgangspunkt i det som så tydeleg gjennomsyrar Jesu forkynning. Det finst jo nettopp ein veg; Vegen, Jesus omtalar seg sjølv slik. Kvifor ikkje setja alt inn på det Jesus sjølv seier, det apostlane hans seier, det Paulus og martyrane seier: «Vend om frå synd! Tru på og følg etter Jesus, han som trua vår eksplisitt seier opna vegen til Gud.

Det er dette som manglar i Nordhaugs gjennomgang, og som for alt strevet han representerer, all framifrå tenking han reflekterer likevel sender oss vidare som i djup uvisse. Dei dveler ved den uvissa som alt trugar med å gjera kristen tru til ein abstrakt og uforpliktande leik med tankar som slett ingen av oss treng å ta stilling til. «Vi kan ikke finne løsningen» er ei slags trøyst for oss postmoderne menneske som så fort slår oss til på gjerdet der vi slepp å konkludera, slepp å bruka ordpar som sant/falskt, tru/vantru, frelse/fortaping.

Eit handteikna kart

Heller ikkje eg har, som Nordhaug seier, noko innvending mot bøna hans om frelse for alle. Likevel undrar eg meg over framstillinga hans. Ho er litt som om Turistforeininga i staden for eit ordentleg kart gir meg eit handteikna kart som ein fjellvant har skissa opp fritt etter minnet. Eller som om nokon peikar ut ei komplisert rute i ein skoddete fjellheim og litt vagt legg til: kanskje den der vegen får deg fram dit du skal.

For all del, det kan det jo vera. Men ein undrar. Ein undrar kvifor ikkje hovudsaka for den fjellkyndige vert å gi meg det gode kartet og den ruta som fører fram. Den risikabelt smale, slitsame og blodstenka ruta der så mange fjellvande har gått seg sårføtte, men også i ei forbløffande glede som ikkje er av denne verda.

LES MER:

Læren om fortapelsen har nesten forsvunnet fra Kristen-Norge

Er det merkelappen eller troen som betyr noe? Frikirken har begynt å bruke betegnelsen «Jesustroende muslimer» i sin misjon

Jone Salomonsen: Hvordan foreslår jeg at vi leser Høysangen? At vi gjør som feministene, starter «i begynnelsen»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt