Verdidebatt

Det er mulig å gjenreise Venstre

Dei siste åra har vore krevjande for Venstre. Dei fleste som ser partiet frå utsida ser eit «hoppande éinskildsaksparti» med uforståeleg politisk retorikk og vekselsvis lojalitet mot eiga regjering ut frå dagshumøret.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alfred Bjørlo

Venstre-ordførar i Stad kommune og medlem i Venstres prinsipprogram-komité

Venstre-laget på min heimstad, Eid, vart skipa 6. april 1884. Den første Venstre-ordføraren i Eid heitte John Myklebust. Han var bonde, offiser, forretningsmann og ordførar i 20 år.

Han fekk bygd dei første skulebygga i Eid, han fekk skipa gymnas og sjukehus. Han starta bank, fekk bygd dampskipskai og det første kraftverket for å gje folk elektrisk lys. Han fekk rusta opp den gamle kyrkja med takmåleri av landets fremste kunstnarar og innført nynorsk skulemål.

John Myklebust var samfunnsentrepenør. Ikkje for ein «klasse, men for heile samfunnet. For småfolk og storfolk, unge og gamle. I ei brennande tru på at samfunnet må byggast nedanfrå, og at du kan skape di eiga framtid og utrette store ting uansett kvar du lever livet ditt.

John Myklebust hadde sine likemenn, og etter kvart like-kvinner, i Venstre-rørsla over heile landet. På lokalt og nasjonalt nivå løfta dei Noreg frå eit fattig bondesamfunn til eit moderne samfunn slik vi kjenner det i dag.

LES OGSÅ: KrF over sperregrensa på ny måling – Venstre sliter

Den liberale Venstre-arven

For meg, som Venstre-politikar snart 140 år seinare, er dette Venstre-arven. Trua på at det er krafta som bur i folk som byggjer betre samfunn. Trua på å gje folk meir makt i eige liv, på at fridomen skal gjelde alle. På at både privat skaparkraft og marknadsøkonomi, eit offentleg sikkerheitsnett og eit mangfaldig frivillig- og kulturliv må til for å skape gode samfunn. Det er den liberale idé-tradisjonen i norsk politikk.

Denne liberale arven - trua på folk og fridom - er tidlaus. Ja, kanskje meir relevant enn nokon gong i vår polariserte tid. Eit samfunn der debatten er dominert av splittande populistar som Sylvi Listhaug og Trygve Slagsvold Vedum, og vi er på veg inn i ei gedigen samfunnsomstilling som set store krav til å lukkast med ny verdiskaping og entrepenørskap på alle nivå.

Eit «hoppande éinskildsaksparti» med uklar profil

Dei siste åra har vore krevjande for Venstre, både i og utanfor regjering. Dei fleste som ser partiet frå utsida har problem med å sjå ein «høgare himmel» over Venstre. Dei ser eit «hoppande éinskildsaksparti» med uklar profil, teknisk og uforståeleg politisk retorikk, vekselsvis lojalitet og illojalitet mot eiga regjering ut frå dagshumøret, og ein påtatt agressiv tone mot parti som per i dag er naudhamn for mange som burde ha vore om bord i Venstre-skuta.

Eg skal ikkje påstå at eg, som ein skarve distriktspsykopat, sit på ein «quick fix» til å gjenreise Venstre som ei stor, liberal folkerørsle over natta. Men eg er overtydd om at det er mulig. Eit liberalt, grønt næringsvenleg parti som vil gje folk meir makt i eige liv uansett kvar vi vel å bu – har framtida føre seg.

Eg trur at det viktigaste av alt er å erkjenne at ein politikar i 2020 må vere i stand til å sjå verda nedanfrå. Vere nær folk - prøve å hjelpe folk å oppfylle sine draumar om eit godt liv - ikkje prøve å tre over folk løysingar ovanfrå. Folk er jamnt over smarte og reflekterte. Dei vil ikkje bli «instruert» frå eit byråkratisk eller politisk elitesjikt.

Meir fridom til folk og lokalsamfunn

Ser du på den politiske venstresida sin kritikk mot dagens regjering, går eitt trekk igjen: Problem i samfunnet – ofte korrekt påvist og skildra – skal løysast med nye lover og reguleringar, nye forbod, nye skattar, auka offentleg pengebruk og meir statleg kontroll.

I éi for éi sak kan det verke tilforlateleg. Men summen av det er verken berekraftig eller klok. Vi må tvert imot våge å gje folk og lokalsamfunn meir tillit, meir fridom og meir ansvar. Vi må styre i stort og sleppe laust i smått – ikkje det motsette. Og vi må våge å ta tilbake folkevald makt over eit statsbyråkrati «på sjølvstyr».

LES OGSÅ: Skei Grande: – Man går ikke inn i regjering for å bli populær

Europeisk samarbeid

Mykje av uroa folk kjenner på i dag, er knytt til store globale utfordringar. Klima, migrasjon og ein globalisert økonomi som flyttar jobbar og pengar på tvers av grenser. Det liberale svaret på dei store globale utfordringane må vere meir forpliktande samarbeid på tvers av grenser, ikkje mindre.

Difor skal Venstre vere ein ihuga pådrivar for FN, NATO, EØS-avtalen og nærare europeisk samarbeid elles. Å sjå føre seg eit norsk EU-medlemskap nokre år fram i tid, er etter mitt syn ikkje noko brot med Venstre sin tradisjon som eit liberalt reformparti som vil ha mest mulig folkevald makt på alle nivå. Sterke fellesskap er nødvendig og positivt. EU si rolle i dagens Europa syner dette.

Polarisering

Venstre er i dag del av ei regjering på borgarleg side. For meg er det resultat av ei reint pragmatisk vurdering av kvar vi får best politisk gjennomslag, ikkje eit irreversibelt ideologisk vegval mellom blått og rødt.

Venstre må aldri la seg «feie bort» av ein stadig meir polarisert debatt mellom ei høgreside og venstreside i norsk politikk som prøver å demonisere og latterleggjere kvarandre. Venstres veg er verken mot høgre eller mot venstre. Vår einaste veg er framover. Vi er eit liberalt sentrumsparti, eit parti som har historisk tradisjon for å samarbeide med andre og finne breie løysingar for å skape eit betre samfunn.

Liberalisme med beina på jorda

Eg er Venstre-mann og framtidsoptimist. Eg trur på å gje folk fridom, på å utfordre makt og spreie makt. Eg trur Venstre sin liberale idétradisjon er den beste plattformen for å vere samfunnsentrepenørar, ombudsmenn og ombodskvinner for folk og lokalsamfunn. Det er den raude tråden i Venstres historie frå 1884 til i dag: Liberalisme med beina på jorda.

LES OGSÅ

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt