Verdidebatt

Mørkret frå Stortinget

No er det vanskeleg å sjå lyset frå dei store salane på Løvebakken. Derimot lyser det sterkt frå den folkelege mobiliseringa kring Arne Viste og Gunnar Stålsett.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Svein Helgesen

Tidlegare medlem av KrF

«Menneskeverdet er under press», sa Kjell Ingolf Ropstad for ein månad sidan. Vi treng ikkje dra langt for å finna bevis som stadfester dette. Det er nok å klatra opp på vårt eige glastak og sjå kritisk på oss sjølv: Lula Tekle har rusla tilbake til sin uverdige kvardag i hovudstaden. Framleis sit skuldlause barn i al-Hol. Framleis møter båtflyktningar i Middelhavet ei kald norsk skulder. Stortingsfleirtalet har sett godheitstyranniet ettertrykkeleg på plass. Kor finst det håp og lys i mørkret?

LES OGSÅ: Regjeringspartiene helt uenige om hvilke ureturnerbare som skal få bli

Lågare dører og smalare portar for asylsøkjarar

Lula Tekle har eit lite håp om hjelp via eit avgrensa eingongsamnesti. Men for dei fleste andre i hennar situasjon er meldinga krystallklar: Gløym alle draumar om arbeid, dra snarast heim dit de høyrer til!

Mens SV tok kampen opp for alle ureturnerbare og stod løpet ut i stortingssalen torsdag, toa fleirtalet hendene sine. Streng innvandringsregulering skal framleis ha forrang framfor menneskelege omsyn. Å skremma folk frå å koma hit skal vera eit hovudmål for norsk asyl- og flyktningpolitikk, også i åra framover. Med gråten i halsen brukte dei folkevalde frå KrF og Venstre mange av dei same orda som SV-arane. Men ved votering stemte dei imot det dei er for; det var jo uansett ikkje fleirtal i salen.

Det hadde vore meir truverdig om dei hadde sagt det som det er: Så lenge Frp er gitt definisjonsmakt over innvandrings- og justisfeltet, er Erna Solbergs melding krystallklar: Få land i Europa skal ha lågare dører og smalare portar for asylsøkjarar og flyktningar enn Nansens heimland. Det ligg lite håp i slikt.

Skulder ved skulder med Arne Viste

No førebur Arne Viste og Gunnar Stålsett seg på soning som samvitsfangar, fordi dei har handla slik den framande har lært oss i den gamle forteljinga om stakkaren som låg ved vegkanten som ransoffer. I motsetning til alle oss likegyldige og travle «prestar» og «levittar» har dei følgt sitt moralske kompass. Det straffar seg. Det er godheitstyranni som humanitetsnasjonen Norge 2019 ikkje ønskjer meir av.

Men desse to heidersmennene vil ikkje bli dei siste. Noko er nemleg i ferd med å skje i folkedjupet. Stadig fleire tenkjer og spør som lyrikaren Solveig Johanne Grønstøl: «Når den likegyldige har blitt den lovlydige og den miskunnsame har blitt den lovstridige, undrar eg kor er me på veg?»

Nokre kvartal frå Stortinget blei Arne Viste torsdag hylla av tusen lågkyrkjelege og høgkyrkjelege kristne, muslimar, humanistar, venstreradikale sosialistar og verdikonservative borgarlege då han mottok Petter Dass-prisen. Dei stod skulder ved skulder for å protestera mot eit samfunn som i ord vedkjenner seg kristne og humanistiske verdiar, men som i praksis kynisk snur ryggen til ei sårbar gruppe som ikkje ber om anna enn rett til å tena til sitt daglege brød. Ei spontan Facebook-melding frå ein av dei mange lydde slik: «Når 1000 mennesker står, klapper og tørker tårer midt i Oslo Domkirke, da kjenner vi på noe ekte. Noe som betyr noe. En motkultur i vår tid.»

LES OGSÅ: «KrF stemte ikke for SVs forslag. Hvorfor ikke, når vi er enige om politikken?»

Små gnistar av håp

Stadig fleire har mista tru på og tålmod med både regjeringa og delar av opposisjonen. For Frp er kamp mot oppmjuking i asylpolitikken det næraste vi kan koma ultimatum i regjeringa. Sjølv om KrF og Venstre vil skjerpa knivane i komande diskusjonar på kammerset, viser all erfaring at i realiteten er handlingsrommet som eit nålauge, og knapt nok det. Det finst ikkje eingong von i hangande snøre hos Erna Solberg.

Også tilliten til Jonas Gahr Støre er skjør. Her finst likevel små gnistar av håp. Det ulmar på grasrota i Ap. I tillegg vil presset frå eit offensivt SV, MDG og Rødt vera langt sterkare på raudgrøn side enn det vesle trykket Venstre og KrF i dag har kraft til å setja inn mot den blå majoriteten i Høgre og Frp.

Orda til Jon Lilletun

Noko av det eg minnest best frå meir enn førti aktive år i KrF, er Jon Lilletuns tale til landsstyret for 25 år sidan, i november 1994. Med visjonær kraft snakka han om KrF si sjel, om at partiet si viktigaste rolle i norsk politikk alltid skal vera å framstå som politikkens barmhjertige samaritan. Det var før Listhaug lanserte merkelappen godheitstyranni, og før det fanst tillitsvalde i KrF som tenkte tanken på eit mogleg samarbeid i regjering med eit parti på høgre flanke.

Eg hugsar aller best den brennande avslutningsappellen. Når det handla om menneskeverd for dei mest sårbare, passa det aldri Jon Lilletun å setja realpolitikk framfor idépolitikk:

«Det Norge treng, og det planeten jorda treng, er visjonære kvinner og menn som har mot og handlekraft til å staka ut ein kurs som gir framtidsvon og entusiasme på vegne av både denne og neste generasjon. Det handlar om utfordringar som krev vilje til radikal justering av samfunnskursen, fordi dagens vekst- og forbruksorienterte politikk ikkje er eigna til å gje grunnlag for reell framtidstru. Utfordringane er mange, og dei krev radikalt mot og radikal handling. Radikal betyr nemleg å gå til røtene.»

LES OGSÅ: Les om kvinnen som biskop Stålsett har gitt jobb: «Hvem skal holde Lula i hånden når hun dør?»

«Lyset finst»

I eit politisk landskap i endring etterlyser stadig fleire meir radikalt mot, visjonær kraft og kompromisslaus politisk kamp for dei mest sårbare i samfunnet. Når tilliten til våre gamle parti skrantar, leitar vi etter nytt fotfeste og lys i mørkret.

«Lyset du treng finst», seier lyrikaren Helge Torvund. Akkurat no er det vanskeleg å sjå lyset frå dei store salane på Løvebakken. Det lyser derimot sterkt og håpefullt i Oslo domkyrkje - der Arne Viste, Gunnar Stålsett og tusen andre står skulder ved skulder i ei folkeleg mobilisering for eit menneskeverd under press.

LES MER FRA DEBATTEN OM PAPRILØSES ARBEIDSTILLATELSE

Lula står i sentrum for asyldrama på Stortinget: – Drømmen min er å få jobbe

Regjeringspartier i asyldrama – ingen løsning på «Stålsett-knipe»

Oslo Ap vil gi papirløse arbeid. Dermed bygger det opp til strid i partiet

---

Fakta:

---

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt