Ropstad, kor er du henne ?
Barnevernet vårt kan ikkje lenger tåle at born og unge blir plassert på einetiltak i barnevernet
I 2018 brukte det statlige barnevernet 650 millionar kroner på kjøp av einetiltak hos private aktørar. Bruken er fordobla på fire år. Barn på einetiltak bur isolert frå andre barn. Enten i hytter i skogen eller liknande stader langt vekke frå andre. Einetiltak i strid med barnets vilje er inngripande og truleg i strid med barns menneskerettar. Dei private kommersielle aktørane tener godt på einetiltaka. Samstundes er dei same private barnevernsaktørane aktivt med på å anbefale einetiltak. Praksisen er kritikkverdig og uakseptabelt.
Dårleg unnskyldning
Direktør for Barne, ungdoms- og familiedirektoratet, Mari Trommald, uttaler til VG at ei forklaring på at barn blir isolert på hytter og liknande, er at tilbodet til barn i psykisk helsevern er trappa ned, og at færre barn vert fengsla. Det er ei svært dårleg unnskyldning. Om barn er sjuke skal dei ha behandling i helsevesenet, ikkje einetiltak i barnevernet. Barn som ikkje skal i fengsel, må ikkje bli isolert i barnevernet i staden. I dag har vi eit barnevern der anbod på enkeltkjøp i barnevernet er malen. Slik set staten kvart enkelt barn og ungdom i barnevernet ut på anbod. Ein slik konkurransepolitikk er det siste barnevernet treng.
Bestill abonnement her
KJØP