Er Noahs Gud vår Gud?
Stadig vekk ser eg teologar som på velmeint vis skal redda oss frå å måtta tru på Gud i Det gamle testamentet.
Som barn fann eg raskt vegen til den eventyrlege litteraturen. Lite overgjekk opplevinga då det ein dag demra for meg at eventyra eg elska henta sanninga si frå den største forteljinga av dei alle.
Michael Endes briljante Den uendelige historie, Maria Gripes underfundige forteljingar, C. S. Lewis' fantastiske reiser, Lewis Carrolls vittige klassikarar og Tormod Haugens magiske realisme var berre nokre av bøkene eg forelska meg i som liten. Der det var ei forteljing, var det ein fristad. Som for mange andre vart litteraturen som eit velsigna takvindauge i det vesle livet mitt.
Den aller største
Bestill abonnement her
KJØP