Folkekyrkja i sekk og aske
I år sømer det seg at lutherske biskopar ber om orsaking for alle skader lutherdomen har ført med seg.
I 500 ÅR HAR lutherdomen prega vårt land. Det gjev inga grunn til feiring, men kvalifiserer til botsgang og vedkjenning av alvorlege synder.
For kva har Luther gjeve oss? Han gav oss eit pessimistisk menneskesyn der sjølv gode gjerningar vart sett som vonde, der den syndige steingrunnen i menneskesjela er utømeleg, der mennesket må gå lutrygga og syndefull om det er aldri så rettferdiggjort. (I dag tenderar ein til det motsette.)
Absurd uttrykk. Han mana fram eit individualisert menneskesyn der «Jesus og eg» fullstendig overskygger den kollektive forankringa for den enkelte truande og for kyrkja som heilskap.
Bestill abonnement her
KJØP