Største endring sidan reformasjonen?
Frå 1. januar 2017 har det skjedd ei avgjerande organisatorisk endring av Den norske kyrkja. Inneber endringa eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje – og er dette ei endring som fortener å bli samanlikna med dei endringar som reformasjonen førte med seg?
2017 er eit merkeår i historia til Den norske kyrkja. Det er 500 år sidan Martin Luther offentleggjorde dei 95 tesane mot avlaten, ei hending som blir rekna som sjølve startpunktet for reformasjonen, og som førte ikkje berre til kyrkjelege og religiøse endringar, men òg gav opphav til politiske og samfunnsmessige brigde. Frå 1. januar 2017 skjer ei avgjerande organisatorisk endring av Den norske kyrkja. I følgje dei statlege styremaktene inneber denne endringa eit tydelige skilje mellom stat og kyrkje i Noreg, medan det frå kyrkjeleg hald gjerne blir hevda at denne organisatoriske endringa av kyrkja er den største sidan reformasjonen. Begge delar kan det vere grunn til å problematisere.
Dette kyrkjeforliket la premissa for grunnlovsendringar vedtekne av Stortinget 21. mai 2012. § 2 i grunnlova, som frå 1814 hadde forankra statskyrkjeordninga, vart erstatta av ein verdiparagraf som slår fast at staten sitt verdigrunnlag "forbliver vor kristne og humanistiske Arv". Grunnlova skal vidare sikre demokrati, rettsstat og menneskerettar. Dette var ein milestolpe i det norske kyrkjestyret og innebar ei demontering av den norske statsreligionen. Staten har ikkje lenger ein offentleg religion - og Den norske kyrkja er ikkje lenger statskyrkje. Grunnlovsendringane i 2012 innebar såleis den største religionspolitiske endringa sidan grunnlova vart vedteken i 1814.
Som konsekvens av grunnlovsendringane i 2012 er Den norske kyrkja frå 1. januar 2017 eit eige rettssubjekt, skilt frå staten med Kyrkjemøtet som øvste representative organ. Prestar, biskopar, tilsette ved bispedømmeråda og dei nasjonalkyrkjelege råda, som hittil har vore tilsett i staten, er etter årsskiftet 2017 overført til det nasjonale rettssubjektet Den norske kyrkja.
Bestill abonnement her
KJØP