Dansk dårskap
Noko er ròte i det danske riket. Fire av ti meiner ein forskingsminister ikkje kan tru på Gud.
TRU OG VITSKAP: Fire av ti danskar meiner at Esben Lunde Larsen ikkje kan vere forskingsminister og samtidig tru at Gud skapte verda. Trusfridomen i Danmark er skral dersom ein forskingsminister ikkje skal få ha ei kristen tru, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Kim Vadskær
Det er ein merkeleg debatt som har rulla og gått i Danmark denne hausten. Danmarks utdannings- og forskingsminister Esben Lunde Larsen frå partiet Venstre uttalte til Jyllands-Posten i sommar at han trur det står ein skapande Gud bak verda. Lunde Larsen, som blant anna har studert ved Misjonshøgskolen i Stavanger, vedkjenner seg ei både klassisk og moderne kristen tru. Han har ikkje noko problem med at vitskapen og Bibelen har ulike forklaringar på korleis verda blei til. Det vesentlege er at Gud står bak skapinga. The Big Bang er heller ingen trussel mot dette synet.
Eksplosivt
Lunde Larsens utsegn skapte likevel ein eksplosjon av dei heilt store. Ikkje minst var religionshistorikaren Mikael Rothstein ved Syddansk Universitet raskt ute med å meine at det var «uakseptabelt» at Lunde Larsen er øvste sjef for forsking og vitskap når han representerer synspunkt som «står i eit grelt motsetningsforhold til forskinga og vitskapen». Både Rothstein og religionshistorikaren Jens-André Herbener festa ifølge Politiken merkelappen «kreasjonist» til den nye danske ministeren.
Bestill abonnement her
KJØP