Verdidebatt

Bispevalet i Sør-Hålogaland og likekjønna ekteskap

Somme har kritisert at bispekandidatane til Sør-Hålogaland reflekterer berre eitt syn på samlivsetiske spørsmål. Dei seks kandidatane er alle for likekjønna ekteskap. Det som blir omtala som det klassiske, konservative synet, er ikkje representert.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som ein av dei nominerte kandidatane har eg tidlegare uttala at dersom eg skulle bli biskop i Sør-Hålogaland, vil eg arbeide for at likekjønna par kan inngå ekteskap i kyrkja. Samstundes er eg oppteken av å respektere at det finst to syn i dette spørsmålet i kyrkja.

Oppfatninga av likekjønna ekteskap har for meg prinsipiell karakter, slik dei som står for eit konservativ syn òg vil hevde for sin del. For meg handlar det om bibeltolking og om synet på historia. Det er avgjerande korleis Bibelen kan – og ikkje kan - nyttast i høve til vår eiga tid. Ein må skilje mellom ånd og bokstav i Bibelen. Han er ikkje ei lovbok som ein kan regulere alle menneskelege tilhøve ut frå. Bibelen må tolkast historisk, ut frå tida og konteksten dei forskjellige skriftene vart til i. Dessutan reknar den kristne trua med at Gud framleis skaper og opprettheld skaparverket. Ut frå denne føresetnaden høyrer også endringar med til skaparverket.

Det konservative synet på likekjønna samliv og ekteskap definerer eit bestemt historisk syn på ekteskap og familiemønster som ei guddommeleg ordning. Denne forma for ordningsteologi er problematisk ut frå ein historisk ståstad. For ein seier med det at ekteskapet på Paulus’ eller Luthers tid er nett slik som Gud meinte det skulle vere og har bestemt det frå æve av. Ein tek då ikkje omsyn til at verda er i stadig endring, men opphøyer visse historiske ordningar som guddommelege og dermed gyldige til alle tider.

I fleire stridsspørsmål har det same mønsteret vore synleg, til dømes i samband med kvinnefrigjeringa frå slutten av 1800-talet av og seinare i kvinneprestspørsmålet. Kyrkja sine menn argumenterte mot kvinnefrigjering gjennom å vise til skaparordninga, kvinna sin ”Ribbensnatur” og Skrifta. Likestilte kvinner var mot bibel og kristendom: Den frigjorte kvinna kunne ikkje reknast som kristen! Frå Stortingets talarstol tala antifeministen, biskop J. C. Heuch, mot at kvinner skulle ha røysterett. Ut frå bibelen hadde kvinna ingen plass i det offentlege livet:

”Nei la oss dog ikke glemme, at så lenge Verden har bestått, har det været saa, og er det inntil denne Dag, at Sløret har været et Kledebon, som har hørt Kvinnen, ikke Mannen til, og at den som sønderriver Kvinnens Slør, gjør en frekk Gjerning.”

Ingen i Den norske kyrkja vil i dag hevde eit slikt syn på kvinna sin plass i samfunnet. Men det er verd å merke seg at nett skaparordninga vart òg den gongen nytta som argument. Det same gjaldt i kvinneprestdebatten. Bibel og vedkjenning forbaud kvinner å bli prestar. Argumenta var til forveksling like dei som vart nytta mot likestilling for kvinner. Og no i debatten om likekjønna ekteskap blir altså argumentet om Guds skaparordning mobilisert på nytt.

Sjølvsagt vil eg på ingen måte utelukke at Gud kan uttrykkje viljen sin gjennom historiske ordningar og institusjonar. Ein sentral kristen tanke er at Gud skaper framleis. Gud skapte ikkje for så å trekkje seg bort frå skaparverket. Guds skaping skjer kontinuerleg. Det inneber at ordningane kan endrast. Guds fortsette skaping føreset nett endring. Den danske teologen Regin Prenter har peika på at ordningane ikkje er ”eviggyldige”, men er ordningar som Gud let oppstå i historia. Dermed er Guds ordningar underlagt historisk endring. Slik kan ein i vår tid forstå likekjønna ekteskap.

Likekjønna og ulikekjønna ekteskap har det meste til felles. To menneske har sagt ja til å vere trufaste og ansvarlege overfor kvarandre. Det grunnleggjande tilhøvet mellom to menneske er det same uavhengig av seksuell legning. Sidan 2009 har den norske ekteskapslova teke konsekvensen av denne innsikta. Det bør òg Den norske kyrkja gjere gjennom å tillate likekjønna å inngå kyrkjeleg ekteskap.

Hallgeir Elstad

Bispekandidat Sør-Hålogaland

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt