Er muslimane dagens "jødar"?
Samfunnsredaktør i Vårt Land, Berit Aalborg, skriv at Marte Michelets bok om den norske Holocausthistorien viser kva konspirasjonsteorier om jødane kunne føre til, og at Eurabia-teorien difor gjev ubehag. Men er eit folkemord på muslimar sannsynleg?
Haltande parallellar til innvandring
Eg sluttar aldri å undre meg over dei sterkt haltande parallellar som blir dregne mellom vår eiga historie eller samtid og dagens innvandring. Det gjeld både utvandringa til Amerika, nordmenn som rømde til Sverike under krigen, og norske pensjonistar som bur delar av året i Spania. Rett nok handlar også dette om forskjellige former for migrasjon, men dei skil seg frå noverande innvandring på avgjerande måtar, noko som vert underslått av dei som jamfører fenomena. Norske utvandrarar kom ikkje til eit velferdssamfunn med langt høgre levestandard, men måtte slite ekstremt hardt for å brødfø seg og sine. Nordmenn som flykta til Sverike fekk asyl, men ikkje svensk statsborgarskap, og dei reiste heim att til Noreg så snart krigen var slutt. Og norske pensjonistar i Spania betalar for alt dei der treng av husvære, mat, underhaldning og helsetenester. Slikt kallar vi turisme, ei næring som alle land prøver å utvikle. Den einast tenkjelege forklaringa på at meiningsdannarane i media leitar med lys og lykte etter parallellar i vår eiga historie, om aldri så haltande, er at dei vil påverke oss til å godta masseinnvandringa i vår tid.
"De 'farlige' andre"
Bestill abonnement her
KJØP