Grenser er eit nødvendig gode
Slik vi som personar treng psykologiske og moralske grenser, er eit samfunn eller land avhengig av sosiale og politiske for å kunne fungere. Mange problem i samtida er knytt til det grenselause ved kulturen vår.
Grenseløyse skaper uro
Med boka "Uro. En reise i det moderne selvet" stilte psykiater Finn Skårderud i 1998 diagnosen på vår rastlause tid, og fann mange av årsakene til angst, meiningsløyse, uro og sjuke tankar om kropp og mat i det grenselause ved samtida og kulturen vi lever på. Vi manglar faste haldepunkt i livet, skil ikkje nok mellom dag og natt, arbeid og kvile, og opnar oss for tusentals inntrykk heile tida medan vi er vakne. Gamle ritar, reglar og ritual har vi i fridomens namn kvitta oss med utan at vi har blitt lykkelegare og mentalt sunnare av den grunn, snarare tvert om.
Ein samla personlegdom