Farlige Oslo
Eg budde i Oslo frå 2001 til 2010. Siste tre åra ved Birkelunden på Grünerløkka. Da eg kom til Oslo gjekk eg i byen uten å tenke meg om. Siste tida kunne eg ikkje gå aleine heim frå Torggata til løkka. Eg måtte ha følge eller ta taxi.
Langs gata stod det eg antar var dealere, mørke menn, innvandrarar. Det var aldri kvite menn som gjekk ein meter bak meg heile vegen til løkka. Dei var farga og dei snakka dårleg norsk. Dei fulgte meg på sida, tett bak eller på andre sida av gata. Eg måtte stoppe og vente på andre som skulle same veg, folk eg ikkje kjente, og slå følge med desse.
Det var ubehagelig. Gjekk eg oppover gata, kom dei kryssande frå andre sida. Om eg ikkje snakka når dei snakka til meg, fortsatte dei å mase. Om eg svarte, fulgte dei etter. Eg har blitt fotfulgt frå Torggata til Birkelunden fleire gonger. Anten tett på, eller på andre sida av gata. Sjølv når eg har hatt følge, har eg blitt fotfulgt.
Etterkvart våga eg ikkje gå aleine heim.
Det er ille at Oslo skal ha blitt ein by der kvinner ikkje kan føle seg trygge.
Eit alternativ er taxi, men heller ikkje taxi er trygt. Taxiar som ikkje stoppar, som køyrer forbi dit du skal, taxisjåførar som går amok om du ikkje vil betale svart og så vidare. Taxisjåførar som blir rasande om dei ikkje får nummeret ditt. Og kven er desse sjåførane? Jo, dei snakkar med aksent. Trenden er klinkande klar. Det må vere lov å fortelle om sine erfaringar utan å bli kalla for rasist.
Eg måtte hoppe ut av ein taxi på Bislett midt på natta. Det var ein mørkhuda sjåfør. Han var rasande og trua meg fordi eg hadde sagt feil gatenummer og no forsøkte rette det opp. Han nekta å køyre meg til det nye nummeret, og vende bilen i eit kryss. Da hoppa eg ut i fart, ga han ein fingern og ba han ryke til helvete. Vi kan ikkje akseptere slik åtferd frå menn som ikkje har respekt for kvinner.
Men det er farlig å sei imot. Det kan bli bråk, og som kvinne er du oftast fysisk svakara i møte med menn. Ein må ta mykje drit. Først er det hei. Det er hore om du ikkje svarer, og svarer du, får du ein forfølger.
Ein gong klokka elleve på føremiddagen kom eg ut av ein butikk i Akersgata. På fortauet gjekk ein mann, ein innvandrar. Han ville ete middag med meg. Eg har aldri møtt han før. Eg sa nei. Han sa jo. Til slutt måtte eg ta hans nummer for å bli kvitt han. Det blei sjølvsagt ingen middag. Han var aggressiv og pågåande.
Det fins mange historier om dette. Eg har aldri blitt utsatt for overfallsvoldtekt, men eg har vorte forsiktig etter at eg oppdaga korleis Oslo er i ferd med å bli. Oslo er ikkje trygt for kvinner. Byen er farleg og full av menn som manglar respekt for oss.
Frå kommentarfeltet på min blogg: «Har jobbet som nattevakt på 7-eleven på Olaf Ryes plass. En ikke helt uvanlig aktivitet er å ta seg av jenter som kommer inn og lurer på om de bare kan "være der litt". Alltid for å riste av seg forfølgere.»
Er det slik hovedstaden skal vere i verdens såkalt mest likestilte land? Eg kunne fortalt meir, men teikninga er klar. Noko må gjerast. Menn som manglar respekt for kvinner kan ikkje få gjere Oslo utrygg.
Problemet rammar alle kvinner og det rammar alle menn, uavhengig av etnisitet og hudfarge. Menn som manglar respekt for kvinner fører til at kvinner krysser gata når ein mann går bak henne nattestid, uansett om det er ein Ola eller Ali. Menn som manglar respekt for kvinner skaper frykt mellom kjønn.