I dag er det vi og dykk, men i morgon er det oss!
Dersom vi ynskjer å bygge eit samfunn på felles verdiar, då må vi luke vekk dei stridsspørsmål som ikkje angår denne verda. Religiøse fundamentalistar kløyver samfunnet på ein måte innbyggarane ikkje er tent med.
Det høvde seg slik at eg var med i ein indre krets som forhandla seg fram til samanslåing av to sjølvstendige arbeidstakarorganisasjonar. Medlemmane sin yrkesbakgrunn og arbeidssituasjon var svært lik. Skilnaden var at den eine organisasjonen bar namnet til leiarar på mellomstadiet, medan den andre organisasjonen hadde innebakt i namnet sjefsstilling. I praksis var grensene mellom dei to organisasjonane flytande, og dei som sat rundt bordet og representerte arbeidstakarane, hadde alle sjefsjobb i yrkeslivet. Spørjeundersøkingar gjort blant medlemmane viste ein solid majoritet for samanslåing. Arbeidet gjekk greitt. Kulturforskjellar som kom til uttrykk i lover og vedtekter, vart rydda av vegen på ein grei måte noko som mest av alt skuldast at toppleiarane i begge administrasjonane var einige seg i mellom om kven som skulle stå i spissen for den etter samanslåinga.
Styret i dei to organisasjonane vart så samla på eit betre hotell for å legge siste hand på verket. Då dukka det eine ankepunktet opp etter det andre. Ankepunkta avspegla ikkje saker som dei to medlemsmassane la brett på. Det som la seg i vegen og truga samanslåinga, var så godt som berre den einskilde styremedlem sin trong for å sikre personlege fordeler også i det nye forbundet.
Då alt var klappa og klart kom det brått opp ei sak som heldt på å velte heile samanslåinga. Partane hadde forhandla som likemenn, men på tampen av tampen til innspurten, kravde brått topptillitsmenn frå den eine organisasjonen at dei skulle ha stort fleirtal i det nye overgangsstyret som skulle sitje i to år. Dette oppfatta den andre parten som audmjukande. Det at den eine organisasjonen skulle stå att som ein ærerik erobrar som kravde audmjuk underkasting av den andre parten, gjekk så pass på æra laus at det vart blankt forkasta. Men ”erobrarane” stod på sitt og signaliserte at han/dei vilde bryte forhandlingane om han ikkje fekk viljen sin.
Bestill abonnement her
KJØP