Det finnes ingen pinsevennar i himmelen!

Publisert Sist oppdatert

Det finnes ingen pinsevennar i himmelen! Ikkje babtistar heller, eller lutheranerar for den slags skyld. Heldigvis er det slik at når vi ein dag entrer himmelporten er merkelappane ein gang for alle fordufta, og alt som betyr noko er om navnet vårt er skrive i livets bok.

Pinsevennavisa KS gjer til tider nummer ut av at folk er pinsevennar. Dei skriv om svenske Thomas Brunegård: "Han er sjef for et av Sveriges største avisforlag, og pinsevenn." Kvifor ikkje berre skrive at han var ein bekjennande kristen? Speler det eigentleg noko rolle om han er pinsevenn? Tidlegare har eg observert at ordet pinsevenn blir brukt nærast som synonym for ordet kristen. Eg har aldri skjønt vitsen. Kvifor lage desse merkelappane på folk?

Eg vil vere kristen og berre det. Eg likar dårleg der eg må presantere meg med navn og menighetsmedlemskap. Som om det skulle bety noko som helst. Det seier vel ikkje noko om meg som person. Speler det nokon rolle om eg er pinsevenn eller babtist, eller om eg skulle vere metodist eller frivenn? Eller om eg var lutheraner og kyrkjevenn?

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP