Nyheter

Kriser og full harmoni

Livet er eit eventyr, og der borte er eit hol i bakken.

Vi ligg på ei badestrand sør i Europa. Bølgene skyl over sand og tær. Stadig må vi flytte oss lenger mot land, for sjøen som stig. Huff, problema er så minimale akkurat no, ei stund får eg heimlengt.

Ein kunne ha kalla det eit eventyr. Berre at eventyr er sjeldan harmoniske. Tenk berre på Alice i Eventyrland. For 150 år sidan ramla ho ned i kaninholet, og sidan har ho halde fram med å ramle ned kvar gong nokon opnar boka, og det skjer stadig. Som no, på ei strand.

Djupdykk i eventyrland

Kort fortalt handlar boka om Alice som keiar seg slik på ein sommardag. Plutseleg ser ho ein kanin med ei klokke i vestelomma! Alice spring etter og fell sakte ned gjennom det laaaaange kaninholet. Der nede hamnar ho i eit eventyrland, der ingenting er slik ting brukar å vere.

LES OGSÅ: Slipper stor-jugeren løs

Alice sitt djupdykk i eventyrland er gjenkjenneleg som ei plutseleg forandring, ei krise. Somme kriser er langt større enn andre, sjølvsagt. Men for den som står i ei krise, er ho sjeldan ein bagatell.

Slike kaninhol-kriser kjem umeldt og er fullstendig oppslukande. Det kan vere at ein liksom har hamna ein heilt annan stad enn ein hadde tenkt seg, ein har fått feil billett frå livets reisebyrå. Alt blir annleis. Problemstillingane er nye og fullstendig sprøe. Ein får kjensla av at ein hittil har vore eit barn.

For Alice er det først eit svare strev å tilpasse seg. Først er ho for stor, så er ho for liten, og slik held det fram. Ho drikk krympedrikk, og et vekse-sopp, blant anna.

Frekke og kommanderande

Skal ein ha klare svar og meining, er ikkje Alice i Eventyrland den rette boka. Turen ned er korkje god eller dårleg, den har ingen moral. Like fullt er boka full av meining, same kor meiningslaust det heile tida er å slutte ein moral ut av noko, og kor lite meining det finst i svært mykje av det som skjer og blir sagt.

LES OGSÅ: Gammel barnebok i ny innpakning

Det er som eit brot med den altfor tyngande dualiteten, at alt som hender oss berre er bra eller dårleg.

Når Alice ramlar gjennom kaninholet forlèt ho den verda der ho blir tatt omsyn til fordi ho er eit barn. Hittil var alt kjent og trygt. Dei nye omgivnadane er annleis, folk og dyr er korkje spesielt vennlege eller uvennlege, dei held på med sitt.

Alice er sjokkert over kor frekke og kommanderande dei andre er. Når Alice ikkje får stadfesta seg sjølv slik ho er van med, veit ho heller ikkje lenger kven ho er. Ufarleg er det heller ikkje.

Rettssak mot slutten

Men Alice er modig og gir ikkje opp. Ikkje ein gong under rettssaka mot slutten av boka. Der får den nervøse hattemakaren følgjande melding frå kongen (som diverre også er dommar): «Si hva du vet om saken. (…) Og vær ikke redd, ellers hogger jeg hodet av deg ...» Hattemakaren tar i forfjamsinga ein bit av tekoppen. Også den ordlause kommunika­sjonen er full av ord. Det finst uendeleg mange måtar å vere til og snakke saman på.

Eg les boka høgt for meg sjølv og tilhøyraren min på ti år, vi er begge svært begeistra. Vi ler og grøssar av hertuginna med den skrikande ungen, den vannpiperøykande kålormen, av det uendeleg lange teselskapet med hattemakaren!

«Embrace the madness»

Dei burleske detaljane er herlege. Samtalane er ganske skjøre, språket sprekk liksom opp. Saman med dei merkelege utbrota, dei absurde trugsmåla om å få hovudet hogga av, som vi ler godt av, alt minner liksom om noko, kan det vere … kvardagen?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Det er den kortvarige tilstanden av harmoni som er unnataket. No er kvardagen der straks med sine humpar og hol i bakken.

«Embrace the madness», mumlar mannen min under solhatten. Jau då, no er vi der snart. Kunsten er å sjå det heile som eit eventyr.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter