Spaltist

Den merkelege logikken i trusdebatten

Kvifor aksepterer vi, i eit kunnskapssamfunn som vårt, så mange kunnskapshol knytt til kristen tru? Kanskje kunne vi trengt ein Magnus Takvam for trusdebattar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sofie Braut
Lektor og skribent

Som kristen er det alltid spennande å følgja mediedebattar der tru og livssyn kjem til overflata. Dei siste vekene har det vore mykje som har rørt på seg på nett dette feltet. Sokneprest Mikael Bruun i Sogndal har fått så hatten passar for eit konservativt syn på tenestedeling mellom kvinner og menn i kyrkja. Ein konfirmasjonstale i Nord-Hålogaland har vekt harme langt sør for polarsirkelen. Stadig vekk seier folk, meg sjølv inkludert, at vi lever i eit sekulært samfunn, men likevel skaper kristentru og kyrkjeliv svært mykje engasjement. Overraskande mange ønskjer eigarskap til det kyrkja skal formidla, også mange som ikkje eigentleg identifiserer seg som kristne.

BRYNE: 01.11.2018: Sofie Braut, Kirkem¿terepresentant. Og j¾rbu. 
Min Tro. Foto: Marie von Krogh

Trusdebatten manglar ein Takvam

Det som skil mange livssynsdebattar frå politiske debattar og meiningsytringar, er kravet til kunnskap hos dei som deltek. Mens ein i politiske debattar møter krav om å ha sett seg inn i einskildsaker, program og partihistorie, både det ein sjølv representerer og motstandarar, finn ein sjeldan same krav til og interesse for ryddighet og kunnskap når livssyn kjem på dagsorden. Det finst kort sagt, ingen Magnus Takvam for trusdebattar som kommenterer på overordna plan om det som vert sagt faktisk er sakssvarande, om det er konsistent og korleis det høver i ein historisk samanheng.

LES OGSÅ: Domprost Stig Lægdene: Dnk legitimerer kvinnediskriminering

Vi stiller ingen kunnskapskrav

Sjølv om det er fint med låg terskel for debattdeltaking, er det ein merkeleg logikk som gjer seg gjeldande i livssynsdebatten, for her kan nemleg kunnskap og kunnskapsresonnement ha motsett effekt enn det har i andre debattar. Dersom ein viser til Bibelen kan ein fort bli møtt med at ein «slår andre i hovudet med bibelvers». Det er kanskje difor domprosten i Troms, Stig Lægdene, på Dagsnytt 18 overflatisk avfeier nemnde Mikael Bruuns bibelargumentasjon mot kvinneleg presteteneste med berre å slå fast at «det står ikke ett ord i Bibelen om at kvinner ikke kan være prester». Dette kan vanskeleg seiast å vera ei kunnskapsbasert tilnærming same kva ein tenkjer om kvinners presteteneste.

På andre sida har vi Katrine Boel Gregussen som representerer Troms og Finnmark SV. I sin kritikk av Bjarne Gustad, soknepresten i Kautokeino, framfører ho ein serie postulat (Folkebladet 3/9): «Vi lever ikke i en syndig verden(…)», skriv ho, og vidare: «det er ikke en synd å ta abort. Det er ikke noe galt i å skille seg (…). Alt dette (og meir) slår ho fast med eit empiriens ettertrykk. Tidlegare i innlegget har gitt til kjenne at ho sjølv er kristen, men er ho dermed friteken frå å underbygga påstandane sine?

Bør vere ein minimumsstandard

Utgangspunktet for at Gregussens går i rette med soknepresten lar vi ligga her. Det låge kunnskapsnivået som pregar slike skråsikre utsegn er uansett utgangspunkt nedslåande, kanskje særleg ettersom Gregussen sjølv kallar seg kristen. Er det akseptabelt å ha ei tru med svært lågt kunnskapsnivå? Ja, det er det heilt klart. Det er ingen krav om kunnskap eller formuleringsevne knytt til tru. Til trusformidling og trusforsvar, derimot bør vi stilla krav om basiskunnskapar. Tek du ordet i media for å driva trusformidling, slik SV-politikaren her gjer, bør ein møta ein minimumsstandard. Engasjement er ikkje nok, og det same ville vi ha sagt om det galdt politikk.

Eg kan sjølvsagt kalla meg SV-tilhengar og seia at dei får stemma mi ved kvart val, men dersom eg deretter argumenterer for at SV ønskjer restriktiv innvandringspolitikk og er imot fri abort, startar problema. Ein slik framgangsmåte tømmer politikken for innhald. Det er meiningslaust å framføra heilt tilfeldige synspunkt for deretter å knyta dei til eit parti.

LES OGSÅ: Mikael Bruun: Nei, vi er ikke i mot kvinner

Kristen tru er ikkje subjektiv

Kvifor presenterer Gregussen (og mange med henne) lettvinte påstandar i ein trusdebatt der dei i politikken heilt sikkert er opptekne av vel fundert argumentasjon? Det undergrev den trua ho sjølv gjer seg til representant for, for det ser unekteleg ut som vi kristne berre har funne på ei tru som verken heng saman eller har eit fundament som også andre kan undersøkja. Ei fullstendig subjektiv tru, må ho jo også gjerne ha, men ein kan ikkje samtidig hevda å stå i ein kristen samanheng.

Kristen tru er ikkje subjektiv. At vi «ikke lever i en syndig verden» er til dømes umogleg å hevda ut frå eit kristent livssyn. I truvedkjenninga som er felles for alle kristne stadfester vi kvar gong vi samlast at vi trur på «forlating frå syndene». Om ikkje synd finst, er truvedkjenninga vår absurd. Ein slik enkel illustrasjon kan vera ei påminning om at også livssynsdebattar treng sakssvarande innlegg, og kunnskap og innsikt knytt til Bibel og teologi.

LES MER:

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Spaltist