Spaltist

Kanskje var det ikkje forgjeves

To gonger har eg blitt arrestert og deportert ut av Kviterussland. Det er «peanuts» samanlikna kva mine kviterussiske vener har vorte gjennom. Skal dei no endeleg få oppleve fridom?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Emil André Erstad

Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité

Dei siste åra har eg hatt ein ukjend naken mann som bakgrunnsbilete på Facebook-profilen. På biletet kan ein sjå at han spring gjennom gatene i Minsk, tett følgd av ein politimann veivande med batongen og skjoldet sitt. I handa held den springande, nakne mannen det kvite og raude flagget som den kviterussiske opposisjonen nyttar. Det var rett etter demonstrasjonane i Minsk i mars 2017, då eg la det ut. Rett før hadde hundrevis av demonstrantar blitt arrestert.

Fridom trumfar tyranni

For meg symboliserte den nakne mannen med det kvitraude flagget symbolet på at fridom trumfar tyranni. At lys er sterkare enn mørke. At demokrati vinn. Til slutt. At det fins håp. «Hang in there», kjære kviterussiske demokratiheltar.

Den gongen deltok kring tusen menneske i demonstrasjonane. No er dei langt over hundre tusen. Det gir så klart grunn til optimisme og håp for framtida til Kviterussland.

Kven kan vel motstå gater fylt med ikkje-valdelege, syngande, spelande og glade menneske som endeleg har fått ferten av ei framtid der demokrati, fridom og menneskerettar er meir enn berre abstrakte framandord? Likevel seier ordtaket at «revolusjonen spiser sine barn». Det som kjem etterpå, når songen, slagorda og dei glade menneska må tilbake til kvardagen, er ikkje dømd til å bli bra. Lukasjenko-regimet har framleis fleire kort på handa.

LES OGSÅ: «Skulle Lukasjenka bli styrta, trur eg det vil skje ved at nokon snakkar saman i eit røykfylt rom»

Arrestert og deportert

To gonger har eg blitt arrestert og deportert ut av Kviterussland. Det er «peanuts» samanlikna med alle dei gongene mine kviterussiske kollegaer og vener har vorte arrestert, trakassert og undertrykt.

Då eg møtte kviterussiske ungdomspolitikarar – viss det er eit riktig omgrep på ein gjeng beinharde undergrunnsopposisjonelle som fauk inn og ut av fengsel berre fordi dei engasjerte seg i politikk – vart eg alltid så satt ut av historiene dei fortalde. Fengselsopphalda. Valdsbruken til politiet. Jobbane dei var utestengt frå å få i framtida.

Der i Kviterussland, knappe to timars flytur frå Oslo, eksisterte det eit slags levande museum over eit autoritært regime som dei fleste av oss trudde forsvann med Den kalde krigen, murens kollaps og jernteppefallet. Der, midt på høglyse dagen, gjekk det betjentar for det offentlege politiet rundt og på ramme alvor kalla seg KGB. Utan eit snev av ironi. Utan snev av demokrati. Utan snev av frie val. Autoritært som fy.

Kanskje ikkje forgjeves

Likevel, med vissa om konsekvensane, valde desse kviterussiske ungdomane å engasjere seg. Det som verka håplaust så altfor lenge, valde dei likevel å kjempe for. Motet deira opna augo mine. Viss dei kan kjempe for demokrati i eit land der dei hamnar i fengsel – kor mykje meir krevst det ikkje då av oss som kan gjere det utan fare for eiga karriere, liv og fridom? Eg kan sei med handa på hjartet at ingen har inspirert meg så mykje til å drive med det eg driv med som dei kviterussiske heltane eg møtte frå tida i ungdomspolitikken.

At dei no har fått følgje av fabrikkarbeidarar, offentleg tilsette, bønder og alle andre grupper av betyding i det kviterussiske samfunnet, er ikkje mindre enn rørande. For dei som har kjempa for demokrati i Kviterussland har kjempa lenge. Ein av dei, Ales Bjaljatski, har kjempa i over tretti år. I går uttalte han til ein journalist at han «no kjenner at alle åra i kamp ikkje har vore forgjeves». Eg er kanskje lettrørt, men er det ikkje vakkert?

Nyttar å springe naken

I filmen Frihetens regn er rollefiguren til Morgan Freeman ein fengselsfugl som har sitte inne bak murane litt for mange år. I ei av scenene fortel han hovudpersonen Andy Dufresne ei lekse som kanskje kan vere nyttig i denne situasjonen òg. «La meg fortelje deg noko, min ven: Håp er ein farleg ting. Håp kan gjere ein mann gal». Han sikta til håpet om å ein dag sleppe ut av fengsel.

Håpet om at dommens time er komen for det kviterussiske regimet er sterkare enn på lenge. Eg håpar berre så djupt og inderleg at våre kviterussiske vener får den framtida dei fortener, og at vi om nokre år kan fortelje elevar og studentar om kva suksesshistorie den kviterussiske revolusjonen i august 2020 var for noko.

Forhåpentlegvis kan revolusjonen bli ei historie om at det nyttar å springe naken gjennom gatene i Minsk og vifte med eit flagg.

LES MER OM HVITERUSSLAND:

Oppfordret til bønn, ikke protester – nå kan hviterussiske kirkeledere bli nødt til å velge side

Vårt Land mener: Øk presset på Hviterussland!

Opprørt Solberg varsler straffetiltak mot Hviterussland

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Spaltist