Ord å legge hjarta i

BØNN: Alle som i desse dagar nemner Midtøsten, for ikkje å seie Israel, tek ein kalkulert risiko: Du stikk handa inn i eit kvepsebol. Det gjorde også biskopane, som oppfordra til å ringe med kyrkjeklokker og som formulerte ei bøn til bruk på ein bestemt torsdag i august 2025.

GAZA: –Treng den gamle fredsbøna vere utdatert, spør Annbjørg Eiksund Hesselberg. På bildet: Palestinere på Gaza-stripen har hentet pakker med nødhjelp.
Publisert

Høglytt støtte, spørsmålsteikn – og fordømming let ikkje vente på seg. Det er ikkje mi sak å prøve å lære biskopane noko. Men det undrar meg at ein må ty til eit slags skippertak, når det kvar einaste søndag er høve til i gudstenesta å be ei audmjuk bønom fred, ei bøn som ikkje kan oppfattast einsidig eller polariserande.

Det kan godt hende at nokre av oss litt vaksne vanlege kyrkjegjengarar av og til kan ha einsnev av nostalgi, men eg meiner å minnast at det var noko som heitte Kyrkja si fredsbøn. Den vart kanskje for tung, alvorleg, ja til og med sjølvranskande? Verdenssitasjon hadde jo på eittidspunkt «roa seg», så no takkar vi heller for skaparverket og evna til vennskap. Nei, ikkje eitvondt ord om det som gjer kyrkjelyden personleg delaktig i forbøna.

Men i lys av alle grunnar til angst og uro som mange av oss kjenner på, ville det vere godt om vi igjen og igjen fekk ord å finne kvile i. Eg er så heldig at gamle ord kling i sinnet når eg ikkje finn ord sjølv, og eg unner alle å få eit godt ‘lager’ av ord.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP