Litteraturpris med politisk snert

Nobelprisen i litteratur til den kviterussiske forfattaren Svetlana Aleksijevitsj er ein siger for den poetiske dokumentarlitteraturen og for alle stemmelause «sovjetmenneske» i gamle Sovjetunionen. Han kan øve politisk press.

Prisvinnar: Den kviterussiske journalisten og forfattaren Svetlana Aleksijevitsj skriv ein grenseoverskridande sakprosa som nærmar seg skjønnlitteraturen. Ho er blitt kalla for Sovjetunionenes «sjelehistorikar». Ein viktig nobelpris i litteratur, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

For ein gongs skuld gjekk Nobelprisen i litteratur til ein førehandsfavoritt. Det var mange som istemte eit «äntligen» – utan snev av ironi – då Svenska Akademiens ferske sekretær Sara Danius utopte Svetlana Aleksijevitsj til vinnar av verdas mest prestisjefylte litterære pris.

Det er fleire faktorar som peiker på at De aderton denne gongen har gjort eit ualminneleg godt val. Den første, som det eigentleg burde vere unødvendig å kommentere, er at Aleksijevitsj er kvinne. Likevel er det grunn til å minne om at Nobelprisens historie tel 14 kvinner og 98 menn.

Kvinneleg ansikt

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS