Leder

Det vanskelege gratisprinsippet

Om skolen vel tur med kvite bussar eller ikkje, er det viktig at ikkje undervisninga om andre verdskrig og Holocaust blir prioritert ned i klasserommet.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Fleire generasjonar i Noreg har eit sterkt forhold til dei kvite bussane som tek med seg skoleelevar til tidlegare konsentrasjonsleirar i Polen. Men færre enn før brukar tilbudet, og som Vårt Land meldte denne veka, gjeld dette spesielt i Oslo. Grunnen er at skolar og foreldre i hovudstaden tolkar gratisprinsippet i skolen strengt.

Overskot og overbelastning

Skolane våre har barn frå heimar i heile landet og langs heile det sosioøkonomiske spekteret. Der sit det elevar frå både priviligerte familiar og frå familiar som har det tungt økonomisk, dei som har overskot og dei som er overbelasta. Der nokre ikkje har problem med å sette av tid eller pengar til skoleturar, vil det for andre vere ein stor inngripen.

Denne ulikskapen gjeld også når det kjem til kva ein kan bidra med på dugnad. For nokre foreldre er det eit overskotsprosjekt å vere med på dugnad, og for mange er det også ein sjølvsagt plikt som går framfor det meste. For andre foreldre er det ei utfordring å få veka til å gå opp om ein må stille opp på dugnad, og kanskje er det også hos nokre manglande kunnskap om kvifor ein må stille. Og så finst dei som ikkje ein gong får med seg eller forstår kommunikasjonen frå skolen.

I eit slikt bilde blir avlyste skoleturar meir eit bilde på auka ulikskap i Norge, enn ei uvilje mot å reise med kvite bussar.

Bevisste skolar

Det er gode grunnar til å vere einig med Ole Johnny Hansen, dagleg leiar i Hvite busser, ein av aktørane som arrangerer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar. Han seier det er viktigare enn nokon gong å reise for å lære om andre verdskrig og Holocaust.

Samtidig er det også verdt å merke seg at nye tradisjonar veks fram. På Abildsø skole vel dei å dra på skoletur til Utøya og demokrativerkstaden der. Det vitnar om at skolane er bevisste på ansvaret om å vise elevane kva ekstremisme og hat kan føre til, også i vårt eige land.

Og det er verdt å hugse på at sjølv om skolar no vel å ikkje reise med kvite busser, blir det framleis undervist om holocaust og dei grove tyske brotsverka under andre verdskrig i norske klasserom.

Det er ei lei knipe norske skolar har hamna i når dei må velje mellom å handheve gratisprinsippet, eller å be foreldre betale for skoleturar som ein del av eit verdifullt undervisningsprosjekt, anten betalinga skjer gjennom pengar eller arbeid. Her må både politikarar, skoleleinga, og foreldre halde fram å snakke med kvarandre, og ha rom for at kvar skole må gjere tilpasningar.

Uansett kva den einskilde skolen vel å gjere, er det viktig at ikkje undervisninga om andre verdskrig og Holocaust blir prioritert ned i klasserommet.

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Leder