Leder

Aldri naivitet i møte med valdelege kriminelle

Det kostar å gje politiet meir ressursar. Men om vi ventar og lar problema bli større, blir kostnaden langt høgare både i kroner og menneskeliv.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dei siste vekene har det vore fleire alvorlege valdshendingar i Norge. Mange av desse har føregått i offentlege rom, som til dømes då ein person vart påkøyrd og alvorleg skadd på Solli plass i Oslo for to veker sidan. 24. oktober gjekk det av ei bombe i Drøbak. Utanfor Mossehallen vart ein svensk statsborgar skoten fleire gonger førre veke. Onsdag morgon oppdaga polititet ved Åsane politistasjon i Bergen fem kulehol og fleire prosjektil inne på stasjonen.

Kriminelle nettverk er farlege

Desse hendingane kjem etter at Sverige dei siste åra har opplevd ei valdsbølge ute av kontroll, styrt av kriminelle nettverk. Sjølv om justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) held fram at det framleis er klare forskjellar på Norge og Sverige, er det urovekkande å vere vitne til utviklinga.

Det som gir mest grunn til uro, er bekymringane frå politifolk på bakken. Leiaren i Politiets Fellesforbund, Unn Alma Skatvold, seier det føyer seg inn i rekka av kor alvorleg situasjonen byrjar å bli. Politifolk seier no dei opplever ei voldsom auke i trugslar mot seg.

Politikarane har berre ei oppgåve: Skaff dei pengane som trengs, og få fleire politifolk på jobb.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har avvist at det er såkalla svenske tilstandar i Norge. Diskusjonen om begrepsbruken og samanlikningane med Sverige er eigentleg mest interessant på eit teoretisk nivå. I det praktiske liv er det nok å konstatere at situasjonen også her i Norge risikerer å kome ut av kontroll.

Skaff pengane og få politifolk på jobb

Leiar for Justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik (Ap), erkjente førre helg i Klassekampen at vi treng fleire tiltak for å bekjempe dei trekka vi allereie ser ved kriminalitetsbiletet som kan minne om Sverige. Det er ei viktig erkjenning frå ein politikar med makt.

Politiet treng nok fleire verktøy, som å senke bevisterskelen for inndraging av middel til dei organiserte kriminelle miljøa og raske reaksjonar mot unge som begår lovbrot. Viktigare er det likevel å få på plass meir ressursar. Til sjuande og sist er det synleg politi i gatene som skapar tryggleik og førebygger meir kriminalitet. Det norske samfunnet har ikkje råd til å la nyutdanna politifolk gå arbeidsledige i ein situasjon der valdeleg kriminalitet risikerer å kome ut av kontroll.

Der har regjeringa berre ei oppgåve: Skaff dei pengane som trengs, og dermed få fleire politifolk på jobb.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder