Leder

Å oppretthalde er å verne

Kyrkjene kan halde fram arbeidet sitt med sjølvtilliten til nokon som har statsministeren i ryggen.

Dette er ein leiar. Leiaren uttrykkjer synet til Vårt Land. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dei fleste sektorar i samfunnet er spente den dagen statsbudsjettet vert lagt fram. Slik er det også for Kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna. Den etter kvart vande uroa for trongare kår vert ikkje lettare av at sekulariseringa skrir fram med uforminska kraft.

Ei lette

Difor er det ei lette å lese tala regjeringa la fram i går: Den norske kyrkja får ei auke i rammetilskotet på 5 prosent, eit tal som er høgare enn antatt inflasjon. Det tyder vidare at jamvel dei andre trus- og livssynsamfunna får auke i sine tilskot, sidan støtta deira er rekna ut på grunnlag av støtta til Den norske kyrkja. Ser ein på desse tala isolert, utan tanke for andre konsekvensar budsjettet har for norsk trusliv, er dei gode.

Kva tyder tala, heilt konkret? Dei syner at staten verdset alt det trussamfunna gir til samfunnet og enkeltmenneska. Dei syner at tru er viktig, at fellesskap er viktig, at identitet er viktig, at historie er viktig. Dei syner at dei øvste verdslege leiarane våre ser at samfunnet er tent med at det finst andre fyrtårn enn dei trendy, kommersielle eller materielle hegemonia.

Tala tyder også at folk i gudshusa og livssynsorganisasjonane kan halde fram med arbeidet sitt utan å kjenne kniven på strupen: Det er nok pengar til eldretreff, matutdeling, oppvarma rom, kyrkjemusikar, teljos, kyrkjetekstilar og nyomsetting av bøneboka. Det er nok pengar til løn for kateket, pastor, imam, rabbiner og konsulent. Det er nok pengar til å drive trygt og forsvarleg jamvel i 2024, og å gjere det med sjølvtilliten til nokon som har statsministeren i ryggen.

Gud i hardare tider

Lenge har det implisitte livssynet til nordmenn vore eit sekulært framgangsevangelium: Me har vore sikre på at alt går betre år for år. No er ikkje lenger vona like stø. Dei seinare åra har fleire kriser ramma verda så hardt at me ikkje lenger lit på at borna vil få det like godt som oss. No bur me oss på hardare tider.

I eit slikt tankeklima oppdagar mange at Gud ikkje er så overflødig likevel. At vi ikkje kjem til å få alt vi ynskjer oss i morgon, berre fordi me bur i Noreg. At mange ting ligg utanfor kontrollen vår, ja, utanfor menneskeleg kontroll i det heile. I ein slik situasjon er det viktigare enn nokon sinne at det finst ein levande struktur og kultur som har ei ubroten historie med å handsame dei store spørsmåla. Kyrkja og trussamfunna har ressursane til å peike på ei større von og ein vidare himmel enn kva staten kan – men berre så lenge finansane frå staten er i orden.

Auka tilskot og nysatsingar er alltid kjekt. Men at staten vel å oppretthalde kyrkjene, og det attpåtil med ei mild auke, er mykje verdt.

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder