Leder

Norge bør fordømme det ulovlege valet i ukrainske områder

Lokalvalet som russiske styresmakter gjennomførte i okkuperte ukrainske område var ulovleg.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det er ikkje berre i Norge det har vore lokalval dei siste dagane. Også Russland gjennomførte lokalval søndag, som enda med reint bord for Putins parti Forente Russland. Det russiske valet er i seg sjølv problematisk fordi dei fleste visste resultatet på førehand, grunna systematisk valjuks og rigging av valet.

Omfattande juks og trugslar

Det verste var likevel at russiske styresmakter gjennomførte val også i fire ukrainske regionar som er okkupert av Russland, der valstyresmaktene hevdar at president Putins parti fekk så mykje som 2,7 millionar stemmer og over 70 prosent oppslutnad. Valet føregjekk mellom anna i lokaler der væpna soldatar stod utanfor. Dette er område som vart annektert av Russland etter å ha invadert Ukraina, og etter såkalla folkeavstemmingar.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt bør på banen med ei klar og tydeleg fordømming.

Tidlegare president Dmitrij Medvedev kalla valresultatet «et verdig val» til det statlege nyheitsbyrået Tass. Det kunne knapt vore lenger unna sanninga. Den uavhengige organisasjonen Golos, som driv med valobservasjon i Russland, har fått meldingar om alt frå at opposisjonskandidatar er arrestert til at bilane deira er utsett for hærverk. Det skal også ha vore tilfelle av at opposisjonskandidatar har fått innkalling til militærteneste.

Norge bør fordømme Russlands farse-val

Eit anna element som øydelegg legitimiteten til dei russiske lokalvala, er at heile stemmesystemet er digitalt også i vallokala. Dermed er det umogleg å ettergå. Ukraina og Europarådet har fordømt det russiske lokalvalet i ukrainske område, og kalla valet for ei farse. Det er ei korrekt framstilling av det Russland driv på med i ukrainske område.

Hittil har det vore stille frå norske styresmakter om det ulovlege valet i Ukraina og det omfattande valjukset i resten av Russland for øvrig. Det er viktig at vestlege land som Norge fordømmer korleis russiske styresmakter prøver å skaffe seg legitimitet på ulovleg vis gjennom lokalvalet i ukrainske områder. Utanriksminister Anniken Huitfeldt bør på banen med ei klar og tydeleg fordømming.






Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder