Leder

Norge treng meir energi

Naturvernforbundets påstandar om at Norge ikkje treng meir energi, er fjernt frå verkelegheita.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Nyleg sa olje- og energiminister Terje Aasland at vi står framfor ei formidabel kraftutbygging i Norge. Til avisa Telen sa Aasland mellom anna at vi skal vere klar over at dagens energiproduksjon faktisk er 2/3-delar av det vi treng innan 2040. Aasland kom med utsegna i tilknyting til ei planlagd utbygging av det verna vassdraget Mella. Det har fått Naturvernforbundet til å frykte at sårbar natur skal måtte tape mot vindmøller og rørlegging av elver, som førte til ei pressemelding med tittelen «Vi trenger ikke mer energi» førre veke.

Litt for enkelt

Sjølv om det er enkelt å forstå ønsket om å verne mest mulig natur, er det likevel ingen grunn til å undervurdere framtidas energibehov. I ei punktliste meiner Naturvernforbundet Norge kan bli fossilfritt så tidlig som i 2040, ved å oppgradere eksisterande energiproduksjon og effektivisere energiforbruket. Forbundets leiar Truls Gulowsen seier at «løysinga er ganske enkel», og at det handlar om å bruke mindre energi og bruke straumen smartare. Problemet er at den er litt for enkel.

Naturvernforbundets pressemelding viser behovet for å ha to tankar i hovudet samstundes. Vi må både spare og strame inn på energiforbruket, men samstundes skaffe tilstrekkeleg med fornybar energi til å klare det grøne skiftet i tide.

Naturvernforbundet har rett i at det er en dårlig idé å forsyne olje- og gassinstallasjonene med kraft fra land. Energieffektivisering er også viktig. Det er gode grunnar til at vi alle bør strame inn på forbruk av naturens ressursar. Likevel vil det ikkje vere nok. Interesseorganisasjonen Fornybar Norge peikar på at Norge vil trenge meier energi uavhengig av kraftkrevjande industri. Organisasjonen kallar fornybar energi «ryggraden i eit fossilfritt og elektrifisert samfunn».

To tankar i hovudet samstundes

Med klimaendringane vi ser rundt oss no, treng vi handlekraft og fart over i eit heilt fossilfritt og fornybart samfunn. Då treng vi alle delane av verktøykassa; meir energisparing, meir effektivisering og meir utbygging av fornybar energi. Sjølv om vi sparar på straumen, vil det bli større behov i åra som kjem.

Naturvernforbundets pressemelding viser behovet for å ha to tankar i hovudet samstundes. Vi må både spare og strame inn på energiforbruket, men samstundes skaffe tilstrekkeleg med fornybar energi til å klare det grøne skiftet i tide.





Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder