Leder

Likestillinga har framleis ikkje gått for langt

Derfor skal næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) ha skryt for å sikre strengare krav til kjønnsbalanse i norske styre.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Måndag vart det klart at regjeringa føreslår at også mellomstore og store selskap skal ha 40 prosent kjønnsbalanse i styret. I dag er det slike krav i allmennaksjeselskap (ASA) og i dei fleste offentleg eigde selskap.

Næringsminister Vestre seier til NRK at kravet no vert skjerpa for «å auke verdiskapinga og lukkast med omstillinga må vi ta alle ressursane i samfunnet i bruk». Vidare seier ministeren at forslaget markerer eit tidsskilje for likestillingsarbeidet i norsk næringsliv, og at forslaget er utarbeidd i nært samarbeid med partane i arbeidslivet; NHO og LO.

Best rasjonelt og strategisk

Mange ser på likestillingspolitikk som ein verdikamp mellom progressive og meir konservative krefter. Det er på mange vis rett. Vel så mykje er spørsmålet om likestilling eit spørsmål om korleis vi reint rasjonelt og strategisk best skal organisere samfunnet.

Mykje av det som har gjort Norge til eit av verdas beste land å bu i, er knytt til at vi er eit land med sterkare likestilling enn mange andre land. Vi får meir ut av ressursane ved at det er mindre forskjellar mellom kva menn og kvinner kan gjere av arbeid. Fleire undersøkingar viser at det kan vere opptil ti gonger så lønsamt med kvinner i leiinga av selskap.

No blir det opp til Stortinget å vedta avtala. Det er ei avtale som alle parti i nasjonalforsamlinga bør kunne stille seg bak, fordi likestillinga framleis ikkje har gått for langt.

Derfor er det rett når Jan Christian Vestre seier «det ikkje er i tråd med liva vi lever i» at sju av ti aksjeselskap har berre menn i styret. Det finst få gode argument for at det skal halde fram slik, verken for verdiskaping, kompetanse eller effektivitet. Det er meir sannsynleg at den manglande likestillinga i denne delen av samfunnet saman med strukturar og fordommar som favoriserer menn.

Bør få støtte frå heile Stortinget

Det nye kravet skal bli gradvis innført fram mot 2028, der dei største selskapa skal bli omfatta av ordninga først. Norge blir no det første landet i verda med så strenge krav til likestilling blant styra i næringslivet.

Også NHO og deira leiar Ole Erik Almlid fortener skryt for å ha gått med på avtala. Mange i næringslivet har vore skeptisk til slik kvotering, som også er grunnen til at NHO har kjempa for ei gradvis innfasing av avtala. I stort er det veldig positivt at den store og viktige næringslivsorganisasjonen no anerkjenner at utviklinga går for seint.

No blir det opp til Stortinget å vedta avtala. Det er ei avtale som alle parti i nasjonalforsamlinga bør kunne stille seg bak, fordi likestillinga framleis ikkje har gått for langt.

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder