Leder

«Russland må stillast til ansvar»

Dersom Russland er ansvarleg for sprenginga av Kakhovka-demninga i Ukraina, må dei bli stilt til ansvar for grove krigsbrotverk.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dei russiske styrkane til president Vladimir Putin slit massivt i Ukraina. Den siste tida har russarane måtte hanskast med krigshandlingar også inne på russisk territorium i Belgorod-regionen, der militære grupperingar av russarar som er kritiske til krigen har slått til mot russiske soldatar. Det har gitt russarane ei utfordring ved om dei skal prioritere å trygge grensa mot Ukraina, eller om dei skal halde troppane lenger sør i den ukrainske Donetsk-regionen. Dette kombinert med den varsla ukrainske offensiven gjer at den russiske militærmakta er i kneståande.

Ikkje prov for ansvar endå

Det er ikkje komme prov på kven som sprengde Kakhovka-demninga som no skapar massive overfløymingar i det austlege Ukraina, men det er vanskeleg å tenkje seg kva motiv ukrainske styrkar skulle hatt for å gjere det. Ukrainsk landbruk og sivile ukrainarar blir hardt råka av at demninga brast.

Dei russiske leiarane som står ansvarlege for grove krigsbrotsverk skal uansett vite at klokka tikkar. Dei grove brotsverka vil det bli vanskeleg å sleppe unna. Det vil alle gode krefter i det internasjonale samfunnet sørge for.

—  Vårt Land

Dersom Russland er ansvarlege for eksplosjonen som øydela demninga er det ei form for krigføring som vil gje strenge straffar i Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC). Det ville i så fall berre vore det siste av mange alvorlege eksempel på krigsbrotsverk gjennomført av Russland etter at dei starta krigføringa mot Ukraina i 2014 – og intensiverte den 24. februar i fjor.

Klokka tikkar for forbrytarane

Det er funne prov på at Russland har tvangsadoptert ukrainske born, fleire grove massakrar av sivile og ein jamn straum av terrorbombing av ukrainske byar.

ICC har allereie sendt ut arrestordre på den russiske presidenten Vladimir Putin. Det er venta at han skal delta på eit politisk toppmøte for dei såkalla Briks-landa i Sør-Afrika. Møtet er i august. Som medlemsland av Den internasjonale straffedomstolen har Sør-Afrika plikt til å arrestere og utlevere Putin ved ankomst i landet. Sørafrikanske styresmakter har vore utydelege på kva dei vil gjere viss Putin kjem, slik han har varsla.

Dei russiske leiarane som står ansvarlege for grove krigsbrotsverk skal uansett vite at klokka tikkar. Dei grove brotsverka vil det bli vanskeleg å sleppe unna. Det vil alle gode krefter i det internasjonale samfunnet sørgje for.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder