Leder

«Kriminalomsorga må respektere religionsfridomen»

Det er ein menneskerett å få utøve religionen sin i tråd med eiga overtyding. Dei to jødiske innsette i Kongsvinger fengsel må få koshermaten dei krev.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I 2021 vart to jødiske menn utlevert til Norge frå Israel. Sidan då har dei to kjempa for retten til å få etterleve dei jødiske kosherreglane, som regulerer kva mat dei som praktiserande jødar kan ete. Å ete koshermat handlar om pakta mellom Gud og det jødiske folket. Michael Gritzman arbeider i Det Mosaiske Trossamfund (DMT) i Oslo, og seier til Vårt Land at det er «utenkjeleg for ein praktiserande jøde å ete mat som ikkje er kosher. Det er sjølve hjarta i jødedommen å praktisere dei ulike religiøse påboda. Kosherreglane er dermed den daglege og kontinuerlege praktiseringa av jødedommen».

Tunfisk på boks, laks og egg

DMT har stilt opp for å hjelpe dei jødiske innsette med kosherkravet, men møtt ei kald skulder frå Kriminalomsorga og leiinga ved Kongsvinger fengsel. Kriminalomsorga har mellom anna vist til «mangel på slik mat i nærområdet» som grunngjeving for kvifor det er er vanskeleg å gje dei to tilsette jødisk koshermat.

I 16 månader har dei to jødiske mennene levd på «tunfisk på boks, laks og egg».

Uvilja til å løyse dei praktiske utfordringane går utover heilt grunnleggande prinsipp i norsk fengselsomsorg.

—  Vårt Land

DMT har presentert ei praktisk løysing på utfordringa med manglande koshermat i fengselet: Å køyre kosher-catering frå Oslo til Kongsvinger. Det er same typen måltid som flyselskap brukar verda rundt, med ferdiglaga koshermat som kan varmast opp. Familiane til dei tilsette kunne betale for maten. Det har fengselet avvist.

Løysing må komme omgåande

Det er rett og slett ikkje godt nok, og i strid med det Kriminalomsorga skriv på eigne heimesider om at «innsette som ønsker å delta i gudstenester, søke sjelesorg eller ønsker andre religiøse eller livssynsmessige tenester får så langt det er praktisk mogleg anledning til dette.» Uvilja til å løyse dei praktiske utfordringane går utover heilt grunnleggjande prinsipp i norsk fengselsomsorg.

Ekstra ille er det at norske styresmakter då dei forhandla om utlevering frå Israel, skal ha lova israelske styresmakter å ta vare på dei religiøse rettane til mennene.

Kriminalomsorga burde snu seg rundt og få på plass ei ordning med levering av koshermat omgåande. Det handlar om å ta vare på innsette sine grunnleggjande menneskerettar.


Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder