Leder

Skulane har ansvar for 22. juli-minnet

Fleire elevar enn i dag bør få lære om 22. juli-terroren. Lærarar og skuleleiarar må ta ansvar for å hindre at minnet om terroren ikkje forsvinn.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

NRK fortalde førre veke om elevar på Vestlandet som no får møte overlevande etter terroråtaket 22. juli, i regi av menneskerettsorganisasjonen Raftostiftelsen og 22. juli-senteret. Mange av elevane var ikkje meir enn 4 år gamle då 77 menneske vart drepne på Utøya og i regjeringskvartalet.

Ein av dei som møtte ungdommane er Nikolas Dale Skjerping frå Osterøy. Vårt Land har tidlegare fortald historia om korleis han etter å ha overlevd massakren på Utøya kjende på ei byrde for at han overlevde, og korleis han sakna at dei lokale skulane skulle ta kontakt med han.

Dei som styrer timeplanen

Det er oppsiktsvekkjande at det framleis ikkje er fleire skular som nyttar erfaringane, historiene og opplevingane til dei som overlevde 22. juli-terroren. Fleire av dei overlevande har sagt seg villige til å stille opp, men ofte manglar det på initiativ frå dei som styrer timeplanen i skulane. Det er ikkje godt nok.

Høgreekstreme haldningar er framleis eit problem i det norske samfunnet. Kanskje finst det ikkje betre medisin enn å lære norske elevar om det som skjedde frå dei som overlevde

—  Vårt Land

I undervisinga om Andre verdskrigen vart tidsvitne flittig brukt av norske skular. På same måte bør skulane nytte effekten av å la overlevande frå 22. juli — dei som har tid, overskot og lyst — til å dele si historie. Dei personlege historiene kan skape inntrykk som ikkje kan samanliknast med annan undervisning eller teori.

Risikerer tapt minne

22. juli kjem alltid til å vere eit traume i det norske samfunnet. Derfor er det så viktig at framtidige generasjonar får høyre og lære om det som skjedde, kvifor det skjedde og korleis vi saman kan unngå at det gjentar seg i framtida. Høgreekstreme haldningar er framleis eit problem i det norske samfunnet. Kanskje finst det ikkje betre medisin enn å lære norske elevar om det som skjedde frå dei som overlevde.

Raftostiftelsen, 22. juli-senteret og andre institusjonar som driv med opplæring skal ha honnør for arbeidet med å spreie denne kunnskapen til stadig fleire unge. Likevel kan vi ikkje slå oss til ro med at desse institusjonane åleine skal bere ansvaret for å lære framtidige generasjonar om den grufulle terroren. Det ansvaret må i større grad også lærarar og skuleleiarar ta i åra framover. Elles risikerer vi at det felles minnet om 22. juli går tapt.

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder