Leder

Vårt Land: «Førebiletleg av stortingsrepresentant Frølich (H)»

Leiaren av Stortingets kontrollkomité starta privat innsamlingsaksjon for å gje utstyr til ukrainske soldatar. Initiativet fortener applaus, men viser òg behovet for at regjeringa trappar opp den militære bistanden.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I fjor starta stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (H) kronerulling for å hjelpe ukrainske soldatar i kampen mot den russiske invasjonen. Saman med vener starta han organisasjonen Fritt Ukraina. I går kunne Aftenposten fortelje at Frølich sjølv var med på ein av leveransane til landet i september i fjor. Han hadde òg med partikollegaen på Stortinget, Mahmoud Farahmand (H). Totalt har Fritt Ukraina samla inn pengar og utstyr for kring 6 millionar kroner. Organisasjonen har oppnådd å bli eit tverrpolitisk samarbeid med medlemer i alt frå Ap og Frp.

Dei har mellom anna levert 5.000 klesplagg i form av superundertøy, til soldatar i den bitande kulda aust i Ukraina. I tillegg har dei levert 4 varebilar, 20 overvakingsdronar og 3 naudgeneratorar. I sum er det snakk om betydeleg hjelp frå private til den ukrainske motstandskampen.

Kritikk av saktegang

Alle kan stille seg spørsmålet om kva vi sjølv gjer i stunda der fridom og fred er truga. Sit vi og ventar på at andre skal bidra? Eller kan vi stille opp sjølv?

Måten stortingsrepresentant Frølich har vist mot og handlekraft for å støtte Ukraina – utover det politiske arbeidet Norge gjer for å støtte landet – er førebiletleg.

Medan diskusjonen pågår, døyr både sivile og militære ukrainarar i russiske åtak. Heller ikkje Peter Christian Frølich klarar å transportere stridsvogner til Ukraina på eiga hand.

—  Vårt Land

Ein underliggjande bodskap med intitativet til Frølich er at den norske regjeringa gjer for lite i for langsamt tempo. Det er lett å stille seg bak denne kritikken. Eigentleg burde det ikkje vore naudsynt at privatpersonar måtte stille opp på den måten Frølich og Fritt Ukraina har gjort. Eit nærliggjande eksempel er diskusjonen om evakuering av såra ukrainske soldatar, der den plutseleg stoppa opp i fleire månader førre sommar. Som stortingsrepresentanten sa til Aftenposten: «Jeg sitter med en følelse av at noen av saksbehandlerne ville ha jobbet 9–4 under evakueringen av Dunkirk».

Trapp opp innsatsen

Det beste ville vore at regjeringa stod for ein sterkare og betre koordinert innsats, men det er også fint at folk trør til.

Krigen i Ukraina krev ekstraordinær innsats. Den pågåande diskusjonen om vestlege land skal sende stridsvogner til landet, er eit anna eksempel. Medan diskusjonen går føre seg, døyr både sivile og militære ukrainarar i russiske åtak. Heller ikkje Peter Christian Frølich klarar å transportere stridsvogner til Ukraina på eiga hand.

Derfor må innsatsen trappast kraftig opp.





Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder