Leder

Det nyttar å kjempe

At Miljødirektoratet sat ned foten for firefelts motorveg over Lågendeltaet, viser at miljørørsla kan vinne naudsynte kampar. Det fortener honnør.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Måndag morgon melde Miljødirektoratet at dei set ned foten for firefelts motorveg over Lågendeltaet naturreservat ved Lillehammer. Lenge frykta mange naturvernarar at verdifull natur skulle gå tapt. Vedtaket kom same dag som FN-konferansen COP15 i Montreal vart samde om ei historisk naturavtale for å beskytte verdas land og hav dei neste tiåra. Det var ei stor gåve til klodens born.

Ikkje alle hadde trudd soga om Lågendeltaet skulle ende slik.

Biologisk mangfald

Kampen mot vegutbygginga i Lågendeltaet viser kva det å ta vare på biologisk mangfald handlar om i praksis. Samstundes presiserte Miljødirektoratet at sjølv om vedtaket er endeleg og ikkje kan klagast på, kan regjeringa framleis leggje til rette for at vegen blir bygd gjennom Lågendeltaet ved å endre verneforskrifta.

Det bør ikkje regjeringa gjere. Spesielt ikkje etter at den same regjeringa jobba for og stilte seg bak den historiske naturavtala i Montreal.

I åra som kjem vil det kome fleire saker som den i Lågendeltaet, der natur vert sett på prøve mot utbygging. Der bør politikarane tenke meir på framtida enn kortsiktige interesser.

—  Vårt Land

Sjølv om Lågendeltaet naturreservat vart freda i 1990 med mål om å ta vare på eit viktig og spesielt våtmarksområde, ville Stortinget finansiere ein firefelts motorveg frå Oslo til Øyer med fartsgrense på 110 km/t. I perspektivet frå avtala i Montreal er det langt viktigare at verda tar vare på naturen og det biologiske mangfaldet enn at folk skal kunne køyre fort med bil alle stader langs ein veg.

Hald fram

Dei som kjempar kampen for naturen har sterke kort på handa etter avtala i Montreal. Likevel har ofte kampen mot utbygging av verna natur vore ein utmattande kamp. Dei som likevel aldri har gitt seg, bør klappe seg sjølv på skuldra og halde fram med engasjementet.

I åra som kjem vil det komme fleire saker som den i Lågendeltaet, der natur vert sett på prøve mot utbygging. Der bør politikarane tenkje meir på framtida enn kortsiktige interesser.

Dessutan er det viktig at liknande vegprosjekt vert skrinlagt på same måte. I Nasjonal transportplan er det mange prosjekt der natur står opp mot utbygging, utan at konsekvensane av å byggje ned urørt natur har fått stor nok plass i debatten om samfunnsmessige konsekvensar.

Vedtaket om Lågendeltaet bør bli eit vendepunkt for naturvern i Norge.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder