Viktig at politiet slår ned på høgreekstreme
Styresmaktene må vere på vakt når ekstreme grupperingar går til ulovlege aksjonar.
HØGREEKSTREME: 30–40 blei arrestert under ei demonstrasjon i Oslo 29. oktober.
Javad Parsa/NTB
Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.
Laurdag ettermiddag var mange familiar trekt ned til Oslo sentrum for å nyte det vakre haustvêret. Idyllen vart broten då Den nordiske motstandsrørsla brått dukka opp og marsjerte gjennom eit barnearrangement på Tullinløkka.
Demonstrasjonen var ikkje meldt på førehand.