Leder

Historisk grep mot leiarløningar

Politikk handlar om å ville – og gjennomføre. Der er næringsminister Jan Christian Vestres kamp mot den aukande ulikskapen i Norge eit føredøme.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

«Jeg vil være en næringsminister som utretter noe», sa næringsminister Jan Christian Vestre då han denne veka varsla nye tiltak mot skyhøge leiarløningar i staten. Og det viser han sanneleg: I regjeringa si eigarskapsmelding som vart lagt fram fredag vert det gjort klart at ingen toppleiar i staten skal ha større lønsutvikling i kroner og øre enn dei tilsette.

Det er eit radikalt skifte, og det trengst. Som Vestre sjølv seier: «Det er ingen eierskapsmelding som har gått så langt før. Det er en kraftig innstramming».

Lønsgalopp

Hittil har det vore ein lønsgalopp blant leiarar som har intensivert den økonomiske ulikskapen i Norge. Det skapar eit samfunn som er dårlegare for alle.

I Norge har vi vore tent med låge forskjellar og høg tillit mellom folk. Derfor er grepet mot leiarløningane i staten så viktig, for langt meir enn statens lommebok. Det handlar om å skape reduserte lønsforskjellar. I sluttenden handlar det om tillit og samfunnslimen.

Her leverer regjeringa på eit av dei viktige punkta i Hurdalsplattforma, der Ap og Sp vart einige om å sikre meir moderasjon når det gjeld statlege leiarløningar.

Viss Jan Christian Vestre (Ap) får gjennomslag for kampen mot høgare leiarløn, er han ein politikar som vil gå inn i historiebøkene for å ha snudd ei veldig alvorleg utvikling for norske lønsforskjellar.

—  Vårt Land

I 1991 vart eit nytt leiarlønssystem innført for å minske forskjellane i leiarløningar mellom offentleg og privat sektor. Då Lederlønnsutvalget leverte sin rapport i sommar, gjekk utvalet mellom anna inn for å skrote denne ordninga og innføre lønstak. Dei føreslo òg strengare regulering av lønsintervallar, rekruttering på lågare lønsnivå, lønsreduksjon og lønsfrys.

Historisk

Tiltaka er heilt naudsynte. Vi veit at leiarløn er med på å drive forskjellane mellom rike og fattige i Norge, og kan skape større klasseskiljer enn vi er vane med å ha i Norge. Det er ikkje snakk om å innføre total likeløn, fordi Norge er ein marknadsøkonomi, men vi treng ein trongare lønsstige.

Alt tyder på at regjeringa sine tiltak vil bli tatt godt imot på Stortinget. Partia til venstre for Ap og Sp vil mest sannsynleg stemme for endringane, sjølv om dei sikkert vil at regjeringa skal gå lenger.

Viss Jan Christian Vestre (Ap) får gjennomslag for kampen mot høgare leiarløn, er han ein politikar som vil gå inn i historiebøkene for å ha snudd ei veldig alvorleg utvikling for norske lønsforskjellar.



Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder