Leder

Putin kan takke seg sjølv

Finland og Sveriges Nato-medlemskap var uunngåeleg – og positivt for norsk tryggleik. Takka vere den aggressive naboen i aust.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det russiske regimet har møtt nyheita om at Finland og Sverige ser ut til å gå inn som fullverdige medlemmer av Nato, med påstandar om at det er aggressivt og at det utgjer eit trugsmål.

Tidlegare president og statsminister Dmitrij Medvedev har òg sagt at det kan gjere det aktuelt for Russland å utplassere atomvåpen i Austersjø-regionen. Russiske styresmakter har omtalt den finske og svenske Nato-prosessen som «endå ein alvorleg feil som vil få omfattande konsekvensar».

Aggressivt Russland

Fakta er at Russland har vore ein aggressiv nabo i lang tid. Invasjonen av Ukraina var ikkje første gongen Putin-regimet har skremd omverda og naboar. Det skjedde i Georgia i 2008, då Russland gjekk inn i nabolandet for å støtte sjølvstenderørsla i den georgiske republikken Sør-Ossetia. Det skjedde òg med Russlands brutale krigføring i krigane om Tsjetsjenia.

Det er uforståeleg og heilt urimeleg av det russiske regimet å kalle det aggressivt eller trugande av Finland og Sverige å ønske seg inn i Nato. For det første er dei to landa allereie nesten å rekne som medlemmer av forsvarsalliansen. For det andre har ikkje Finland og Sverige – eller Nato for den del – på noko tidspunkt ytra ønske om aggressiv framferd overfor Russland.

Etter invasjonen av Ukraina har ikkje Russland fleire verktøy igjen å skremme finnane og svenskane med. For norsk tryggleik er utviklinga positiv. Russarane har derimot berre seg sjølve å takke.

—  Vårt Land

For Noregs del vil Finland og Sveriges Nato-medlemskap føre til eit sterkare nordisk tyngdepunkt i Nato. Det skulle føre til ein militær allianse som sjølv dei mest Nato-kritiske delane av norsk venstreside skulle kunne rekne som ei positiv utvikling. I staden ser fleire ut til å kjøpe den russiske argumentasjonen mot Nato-utvidinga.

Ukraina vekka Nato-utviding

Det finske og svenske militæret er i god stand, med godt utstyr og profesjonelle styrkar. Det vil derfor bety ei styrking av forsvaret i nord, som vil få store konsekvensar for korleis Noreg kan forsvare seg.

I Finland og Sverige har det lenge vore akseptert at landa ikkje har vore medlemmer av Nato, og ikkje mange i den nasjonale politikken i dei to landa har argumentert for at dei heller burde bli med. Utan Russlands aggressive invasjon av Ukraina hadde Finland og Sverige sannsynlegvis også blitt ståande utanfor Nato.

Etter invasjonen av Ukraina har ikkje Russland fleire verktøy igjen å skremme finnane og svenskane med. For norsk tryggleik er utviklinga positiv. Russarane har derimot berre seg sjølve å takke.


Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder