Leder

På tide at Raudt ryddar opp

Partiet Raudts oppgjer med den ekstreme og konspiratoriske venstresida er på overtid.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det krevst meir av eit parti som sitt på Stortinget, enn eit parti som ikkje gjer det.

Det har partiet Raudt fått merke den siste tida, ettersom søkelyset har blitt sett på partiets samrøre med ekstreme rørsler som nettsida Steigan.no. Siste utvikling var at Steigan-styreleiaren, Per-Gunnar Skotåm, trakk seg frå landsstyret og internasjonalt utval i partiet Raudt, etter det han omtalar som «en kampanje mot Steigan.no og mot meg de siste ukene, som har begynt å skade partiet».

Held fram i partiet

Skotåm held derimot fram som gruppeleiar for Raudt på fylkestinget i Nordland, og som medlem av formannskapet i Fauske kommune.

Sjølv om partiet Raudt har hatt ein sterk vekst dei siste åra, og tatt mange grep for å blankpusse profilen, så har ikkje partiet klart å kvitte seg med dei mest ekstreme elementa i eigne rekker.

Viss partiet Raudt skal ha truverd i norsk politikk bør partiet umiddelbart bryte alle band til ekstreme miljø som Steigan.no på ytste venstre fløy

—  Vårt Land

Steigan.no er ein ekstrem og konspiratorisk nettstad som ved fleire høve ukritisk har omtalt russisk krigspropaganda, mellom anna om den pågåande, folkerettsstridige krigen i Ukraina. I kommentarfelta på nettstaden boblar det over av kommentarar med tydeleg antisemittisk innhald.

Partisekretæren i partiet, Benedikte Prynseid Hansen, seier at partiet har sett i verk ein prosess der dei tar imot innspel frå organisasjonen om korleis dei skal handtere koplingane med Steigan.no.

Uforeinlege haldningar

Pål Steigan, som er hovudmannen bak Steigan.no, har tidlegare vore leiar i AKP (ml) og forløparen til partiet Raudt, Rød Valgallianse.

Spørsmålet bør ikkje berre vere om Raudt bør bryte banda til dei mest ekstreme og konspiratoriske delane av ytre venstre. Spørsmålet er også kva partiet skal med denne typen haldningar, som for eksempel i spørsmålet om Russland.

Den russiske staten er eit gjennomkorrupt, autoritært, tydeleg antidemokratisk og livsfarleg regime som drep opposisjonelle, forgiftar motstandarar og set journalistar i fengsel. Det er ikkje lett å forstå kva eit parti på venstresida som er oppteken av rettferdig fordeling og internasjonal solidaritet, ser i eit slikt regime som det er verdt å trakte etter.

Viss partiet Raudt skal ha truverd i norsk politikk, bør partiet umiddelbart bryte alle band til ekstreme miljø som Steigan.no på ytste venstre fløy.






Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder