Vindkraft er viktigare no

Regjeringa gjer rett i å ta opp att vindkraftutbygginga i Norge. Energibehovet i Europa krev at alle middel vert tatt i bruk.

Jonas Gahr Støre
VINDFULLT: Statsminister Jonas Gahr Støre legger frem regjeringens satsing på havvind.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Vi har vore gjennom ein lang vinter med høge straumprisar, og det meste tyder på at desse høge prisane vil halde fram. Grunnen er enkel: Kraft og elektrisitet er blitt ei mangelvare. På grunn av krigen i Ukraina er det òg nesten over natta blitt viktig for Europa å frigjere seg frå avhengigheita av russisk gass. I tillegg kjem FNs klimarapport, som viser at behovet for rein energi er større enn nokon gong.

Det manglar derfor ikkje på gode argument til å auke den fornybare energiproduksjonen i Norge. Vi har eit land som er langt, vått og vêrhardt. Det gir optimale forhold for vasskraft og vindkraft, og dermed noko vi bør utnytte maksimalt.

Sak som engasjerer

Fredag vart det klart at regjeringa igjen vil opne for at NVE kan vurdere søknadane til bygging av nye vindkraftprosjekt i Norge. Etter tre år med full stans, er det dermed endeleg klart igjen for at vindkraftdebatten kan kome eit skritt vidare.

Sannsynlegvis vil regjeringas klarsignal til nye vindkraftutbyggingar møte ein del diskusjon og motstand. Saka engasjerer framleis, men behovet for kraft gjer at regjeringa ikkje kan vente meir

Vårt Land

Sannsynlegvis vil regjeringas klarsignal til nye vindkraftutbyggingar møte ein del diskusjon og motstand. Saka engasjerer framleis, men behovet for kraft gjer at regjeringa ikkje kan vente meir. Utbyggingane må i større grad enn tidlegare ta omsyn til vedtak frå lokale politikarar, naturverninteresser og urfolksinteresser. Det er likevel slik at det mange stader vil vere mogleg å gjere dette, og samstundes produsere energi frå vind.

Det er òg positivt at regjeringa seier at dei vil endre plan- og bygningslova slik at innspela frå kommunane vil ha meir å sei. Lokal forankring kan gje meir nærleik til avgjerdene, og dermed større legitimitet i lokalsamfunna. Då vil forhåpentlegvis færre kjenne seg overkøyrd av politikarar og byråkratar som sit langt borte frå lokalsamfunnet.

Mange tiltak som monnar

Vindkraft åleine kan ikkje løyse den store energiutfordringa i Norge og Europa. Regjeringa varslar at den vil jobbe raskare med havvind, og at dei første prosjekta kan vere i drift allereie før 2030. Her må regjeringa verkeleg luke bort alle hindringar som svekker framdrifta, og om mogleg sette av større beløp for å sikre raskare gjennomføring. Dessutan varslar regjeringa ei større satsing på hydrogen.

Saman kan desse tiltaka monne i arbeidet for å dekke det store energibehovet. Men det bør ikkje vere noko tvil om at vindkraft er ein viktig del av denne pakka, og at vindkraftutbygging derfor er viktigare enn det har vore på lenge.